Mannemenneske: Kasper (23)

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omslag: Pelikan Forlag

Teksta er eit utdrag frå «Mannemenneske. Menn om livet, sex og forhold» (2018) der forfattar Brit Aksnes har latt 23 menn i alderen 17-80 år fortelje.

Eg blei ufrivillig kjendis på vidaregåande. Ein dag kjem eg ut av klasserommet og så peikar alle og ler, og eg berre … what the føkk, liksom.

Då hadde denne gjengen med idiotar stole telefonen min, sant, og inne på den … ja, eg veit det er teit, så hadde eg ein film. Av meg sjølv.

Men altså, den skulle ikkje ende opp hos nokon andre! Eg hadde ikkje eingong sendt han til nokon.

Når du er 16, så vil du ikkje at heile skulen skal sjå penisen din

Når du er 16, så vil du ikkje at heile skulen skal sjå penisen din, det seier seg sjølv, på ein måte.

Det var den verste dagen i mitt liv. Eg meldte det til politiet, men dei gjorde ikkje ein drit. Og det var derfor eg bytte skule, faktisk.

Og no, når gutta sit og seier sånn «Nora Mørk-saken er ikkje så ille», så blir eg sur og seier «ikke drit deg ut, då, kom igjen» –«ja, men ho har jo sendt det til ein fyr sjølv, då». «Ja, men faen då, han har jo ingen rett til å sende vidare! Skjerp deg, liksom!»

Eg tar ikkje drit frå folk, eg har alltid hatt autoritetsproblem, enten det er lærarar, rektor eller kven det skulle vere.

Viss eg meiner noko er urimeleg, så føler eg at eg har eit greitt kompass, at eg kan sjå når det er mi skuld.

Sjølv om eg har slite med skulen, så er eg skuleflink eigentleg, vil eg seie, men eg blei utreia for ADHD, då.

Dei ville ha meg over på depot-Ritalin, som er enda sterkare og som varer ein heil dag. Eg følte alltid på det, eg har alltid vore veldig – kva heiter det – sta? Eg sat hos BUP med mora mi og eg sa «nei, eg skal ikkje tygge meir Ritalin!» Då var eg 16–17. Dei bønnfall meg om å prøve meir, men nei. Etter tre månader på det så følte eg meg berre dopa ned og aggressiv, mykje meir enn eg pleidde å vere.

På same måte så er det alltid gutane som droppar ut

Eg skal ikkje seie at det berre er gutar som slit med ADHD, men det der testosteron-opplegget, eg veit ikkje, eg trur det kjem meir ut enn hos jentene. Det er liksom gutane det klikkar for og som pælmar stolar i klasserommet.

På same måte så er det alltid gutane som droppar ut. Eg kjenner ikkje éi jente som gjorde det. Og då eg fekk APO-tilbod, der eg jobba tre dagar i veka og gjekk på skule to, så var det ingen jenter der.

Same med gjengen eg hang med før, der vi dreiv med steling og sånn småbølling – berre gutar.

Då eg gjekk på barneskulen, sette mamma meg ned og sa eg måtte tenke på kva venner eg fekk, og at det får konsekvensar å henge med nokon som driv med dårlege greier.

Jaja, eg sa no berre at ho kunne drite i at eg skulle slutte å henge med bestekompisen min, og han heng eg med framleis.

Sytti prosent av alle eg kjenner, har røykt!

Det er så dobbeltmoral her altså – vi blei liksom sett på som småkriminelle narkisar, berre fordi vi røykte marihuana.

Sytti prosent av alle eg kjenner, har røykt! Dei burde berre legalisert det, altså, det er for dumt. Eg trefte igjen ei eg gjekk på skulen med for ei stund sidan, og då sa ho faktisk unnskyld for at ho hadde kalla meg knarkar.

Eg tar heller ein joint enn å drikke meg full. Skal eg på fest, tar eg liksom med meg tre–fire øl, eg likar å ha kontroll og ikkje bli dritings, eg gidd ikkje ha med meg to sixpacks, liksom.

Ein blir meir roleg og balansert av marihuana. Skal eg verkeleg ha det moro, så tar eg og kompisane av og til magic mushrooms saman. Det er moro, det!

Og tinga vi snakkar om når vi er høge … det er intime greier! Eg veit ikkje, men det opnar liksom sinnet på ein heilt spesiell måte. Det gjer at vi bryt ned dei vanlege grensene eg føler folk har, sånn med å snakke om følelsar og sånn.

Når du tar sopp saman med ein venn, får du ei slags tiltru etterpå

Når du tar sopp saman med ein venn, får du ei slags tiltru etterpå, fordi du allereie har vist deg frå den raraste, mest speisa sida di. Det er ikkje tabu å snakke om noko som helst, liksom, og det er kanskje ein av grunnane til at vi held saman framleis, etter så mange år.

Og så er det digg å framleis ha dei same spelekompisane, då.

Når folk spør kva interesser eg har, så høyrest det utruleg teit ut å seie dataspel, men eg har brukt maaaange timar på det, altså.

Når du seier du spelar data, så trur mange at det må vere sånne ultravaldelege spel eller «World of Warcraft», men det har eg aldri drive med.

Far min var alltid sånn «åå, dataspel no igjen …», som om eg totalt kasta vekk tida mi.

Kanskje det var fordi han hadde lyst å gjere noko felles, viss vi først var saman?

Han og mamma splitta opp då eg var berre nokre månader, så eg har i grunnen aldri hatt heilt nær kontakt med han. Eller, betre dei siste åra, eigentleg.

At eg var ei feiltaking, kan eg nok trygt seie, utan at eg kjenner meg uønskt av den grunn. Men dei var veldig unge, då. Så eg har i grunnen vakse opp som einebarn.

Eg synest litt synd på mor mi, ho har liksom alltid hatt lyst på den der kjernefamilien

Eg synest litt synd på mor mi, ho har liksom alltid hatt lyst på den der kjernefamilien, så ho er litt sår no når det toget er begynt å gå.

Eg hadde verkeleg unnt henne fleire barn. Eller i det minste ein bra mann. Han ho er med no, er typisk sånn kunstnartype som ho alltid finn seg.

Ikkje sånn at dei er direkte dritsekkar, at dei er masse utru og sånn, men berre… folk som plutseleg blir introverte eller ikkje svarar.

Ein heldt ho på med i fleire år, av og på, drama og brot, på han igjen, og så får ho beskjed om at det ikkje går likevel. Han har funne seg ei ny i London, liksom.

Kva er vitsen med å la det gå så lang tid? Då blir det berre verre, eg forstår ikkje at dei ikkje kan sjå det. Ja, det gjeld mor mi òg, altså.

Men ikkje sånn at pappa var stygg med henne, han er berre veldig, ja, introvert. Med ein gong han får i seg eit par pils, så blir han mykje meir emosjonell og pratar mykje lettare.

Det er nedslåande på ein måte, men fint å sjå at han kanskje har litt følelsar likevel. At han ikkje er iskald.

I seinare tid, når eg har blitt eldre, så har eg forstått pappa litt meir, korfor han er introvert og inneslutta. På grunn av faren hans igjen, som òg var same typen, så det er jo heilt klart eit mønster.

Eg merkar at eg liknar på han, men eg prøver jo … å gå litt bort frå det. Rart det der, far er liksom det største forbildet for mange, i alle fall når ein er liten. Lyst å bli som pappa, heilt til – «hallo! Eg har lyst til å bli stikk motsatt, liksom»!

Det blir fort at ein berre skal vere ein bautastein

Eg tippar det har noko å gjere med korleis andre menn pratar til deg, og kor opne dei er i løpet av livet. I forhold til mødrer som ofte seier at du berre må prate om kva som helst. Pappa har aldri sagt det, ikkje sant. Mens mamma har vore veldig opptatt av det. Det er nok ei meir feminin greie, vil eg tru.

Vi kan jo håpe at vi får ein betre generasjon med menn, då. Kanskje litt meir snakkesalige, opne menn, liksom.

Det blir fort at ein berre skal vere ein bautastein, vere beinhard, og sånn er det jo oppgjennom barneåra framleis, viss du er gut – du skal ikkje gråte, du skal ikkje vise følelsar.

Men så synest eg damer ikkje skal generalisere så mykje heller.

Eg har høyrt sagt at ein må lære menn å ikkje valdta, heilt frå dei er små. Lære menn å ikkje valdta? Hallo! Det er ganske drygt, vil eg seie – kva slags natur lærer du barnet ditt då? Viss eg går forbi ei dame klokka tre på natta i ei mørk gate, så har ikkje eg lyst å bli sett på som ein trussel, sjølv om … eg kan jo forstå det, sjølvsagt.

Men eg las om ein fyr som blei dopa ned, og så vakna han og så hadde ho dama tatt med seg masse stæsj, og eg trur han var blitt valdtatt òg. Ikkje sant, det er ikkje så ofte ein høyrer om anna enn menn.

Eg tippar det er ganske likt, at damer er tøffe i kjeften så det held

Det har liksom alltid vore menn som er det pervo kjønnet. At det alltid er griseprat og sånn, og at med kvinner er det meir estetisk, på ein måte.

Med ein gong menn snakkar om sex, så blir det grovt og perverst, liksom. Men det der veit eg at ikkje stemmer.

Eg tippar det er ganske likt, at damer er tøffe i kjeften så det held, men at det ikkje kjem fram.

Eg er heilt klart for likestilling, men hard feminisme, sånn frå Ottar, det gidd eg ikkje. Det synest eg er altfor drygt. Då blir det den ekstreme delen av det, når du meiner at kvinner skal vere mektigare enn menn.

Eg har ikkje sett meg inn i det så veldig mykje, då, men garantert, eg er ikkje nokon mannsjåvinist i det heile tatt, sånn at hus og heim fungerer betre med dama på kjøkkenet.

Kva er det å vere mann, liksom? Er det så mannete som ein skal ha det til?

Det er kanskje eit par fysiske forskjellar, men då føler eg det er meir ein sånn samfunnsting, det at menn ikkje pratar og ikkje søker kontakt på djupare nivå, fordi det alltid har vore sånn.

Eg anar ikkje kven som inviterte meg, men plutseleg var eg medlem av Mannegruppa Ottar

Eg anar ikkje kven som inviterte meg, men plutseleg var eg medlem av Mannegruppa Ottar på Facebook. Eg skulle kanskje meldt meg ut, men eg synest det er interessant å sjå kva folk skriv.

Det er ein del idiotar der, men kanskje sånn fem prosent er sjåvinistisk og kjipt. For det meste er det morsomme vitsar.

Men det var ganske fælt, slik som då ho Sophie Elise kom med ny låt og hadde ein video med ein svart mann i. Då tok det heilt av på den gruppa – «trur du ho likar å bli knulla av kjempenegerpikkar» og berre heilt ekstreme kommentarar.

Det er gonger eg har skrive motsvar og så vegra meg for å trykke «post», for eg tenker «faen, eg kjem til å få så jæævlig mykje pes».

Det blir fort til at ein sit og skrollar nedover på telefonen.

Etter at smarttelefonane kom, trur eg det har tatt heilt av på alle måtar.

Ein kompis fekk spørsmål frå faren: «Kva er LekBabes?» 13-åringen hadde brukt tusenvis av kroner på telefonen og kjøpt bilde og pornovideoar, utan å vite det!

Haha, foreldre er ganske naive, då.

Kva fader er det eg ser på, det er disgusting, liksom

Eg trur ikkje eg hadde gidde sett på porno om eg hadde kjæraste.

No, viss eg ser ein video, så er det sånn at når eg er ferdig, så ser eg på skjermen og så tenker eg «kva fader er det eg ser på, det er disgusting, liksom».

Det har eg snakka med eit par av dei andre gutta om, og det er fleire som tenker sånn, at det er litt skamfullt.

Du har jo det ordet grinerunkar, liksom. Det er ganske stygt, men det er eit omgrep brukt av mange.

Det å grinerunke – du har ikkje noko grinemasturbere for jenter liksom – då blir det sånn «den stusslege, perverse mannen», det med å grinerunke, sant, du får eit veldig bokstaveleg bilde av kva det vil seie.

Den siste greia no er visst oralsex med rumpe. Eg personleg har ikkje så veldig lyst til det, men alle gutta var veldig fans, då.

Eg er ikkje fan av one-night stands

Men sant, det er stor forskjell på making love, faktisk føle noko, versus det å berre ha sex. Eg er ikkje fan av one-night stands, eg synest berre det er kleint og litt rart. At ein skal vise si mest personlege side og heile kroppen sin til nokon du har prata med nokre timar, det er jo bra spesielt. Det gjev ikkje meining.

Og viss eg har drukke, så får eg jo vanvitig lite ut av det – ikkje ho heller! Men det blir jo av og til sånn, særleg sidan eg har vore singel lenge.

Eg ser ikkje heilt for meg kva som skjer på den fronten, mor mi dauar jo etter å bli bestemor! Det får berre vente. Akkurat no betyr det meir for meg at eg har fått meg ein jobb eg er stolt av.

Det betyr faktisk enormt mykje.

Les intervju med forfattar Brit Aksnes her!