«Vi burde bruke vår fridom for å kjempe for andre sin fridom, uavhengig av avstanden mellom oss»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tidlegare i oktober gjekk eg og ein kompis forbi ein demonstrasjon framfor utanriksdepartementet. Vi stoppa opp for å få med oss kva som skjedde. Der var mange menneske med fargerike flagg, og vi kunne høyre at det vart halde ein kjensleladd appell, utan å kunne høyre akkurat kva som vart sagt.

Flagga var raude, kvite og grøne, med ei sol i midten. På andre av flagga stod det YPG. Vi forstod straks at det folk demonstrerte mot, var Tyrkia sin militæroperasjon i Syria der dei gjekk inn for å knuse den kurdiske YPG-millitsen.

Plutseleg seier kompisen min: «Kvifor demonstrerer dei mot dette her? Det skjer jo så langt borte i frå Noreg.»

Kurderar vs Erdogan-tilhengjarar

Ei veke seinare var det ein ny demonstrasjon framfor den tyrkiske ambassaden Oslo. Denne gongen vart det halde to demonstrasjonar nesten samstundes, ein mot Tyrkia sin invasjon og den andre for.

Som ein kan sjå føre seg var det sterke kjensler til stades, noko som er vanleg i denne type demonstrasjonar.

Bruk av vald er noko eg er sterkt i mot, og er noko som ikkje høyrar heime i ein demonstrasjon!

Eg prøver ikkje å forsvare bruken av vald i denne episoden eller generelt. Bruk av vald er noko eg er sterkt i mot, og som ikkje høyrer heime i ein demonstrasjon!

Ikkje minst er det med på å fjerne fokuset frå bodskapet i demonstrasjonen, og gjer at demonstrantane ikkje blir tatt på alvor i like stor grad som om det hadde gått fredeleg føre seg.

Som ein kan sjå i media er det mange saker der fokuset er på valdsepisoden, i staden for ønskja og krava til demonstrantane.

Eit politisk lys

Fyrste gong eg høyrte om demonstrasjonar skjønte eg ikkje korleis dette skulle hjelpe for noko som helst. Men etter å ha lært om politikk og ytringsfridom på skulen, begynte det å gå opp eit lys for meg.

Sjølv har eg tatt del i ei rekkje demonstrasjonar der tema som miljø og klima, kvinnesaker, og flyktningar går igjen.

Og sjølvsagt går eg i tog 8.mars, 1. mai og på PRIDE. Kor aktiv eg har vore i demonstrasjonen har variert frå å vere ein del av mengda, og alt i mellom, til å vere medarrangør.

I løpet av vidaregåande skaffa eg meg politisk fråvær fleire gongar for å ta del større demonstrasjonar i Oslo. Alle desse, uansett kor sinte og opprørte vi har vore, har gått fredeleg føre seg. Sjølvsagt, det finst ein risiko for at noko kan gå gale, at nokon blir for sinte, for provoserte, eller at feil person deltek i demonstrasjonen. Slikt veit ein jo aldri.

Emilie Hansen har tidlegare vore med på motdemonstrasjonar mot SIAN. Laurdag var det både demonstrasjon og motdemonstrasjon i Kristiansand, som utarta seg då Sians frontfigur Arne Tumyr kasta koranen i søppelet. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

«INGEN RASISTAR I VÅRE GATER!»

Der det er størst fare for at noko kan gå gale, er når det er to demonstrasjonar mot kvarandre: ein demonstrasjon og ein motdemonstrasjon.

Dette er det som skjedde laurdag 26. oktober eit godt døme på. Samstundes er det også eit unntak, ved at dei kjenslene som var til stades truleg var mykje sterkare enn ved andre motdemonstrasjonar. Det er ikkje ofte ein har to sider av ein krig demonstrere mot kvarandre på same dag. Kanskje det hadde vore lurt å ikkje ha akkurat dei to demonstrasjonane så nærme kvarandre i tid?

Sjølv om eg er for fredlege demonstrasjonar og moglegheita til å ytre seg i det offentlege rom, er eg ikkje like «fan» av alle demonstrasjonar.

Eg forstår at eg og SIAN har like stor rett til å uttale oss og kjempe for det vi trur er rett

Slik eg ser det burde demonstrasjonar fremje eit meir ope, inkluderande, likeverdig og grønare samfunn. Dei som kjempar for det motsette må eg innrømme det er vanskeleg å forsvare demonstrasjonsretten til. Derfor har eg fleire gongar delteke i motdemonstrasjonar mot t.d. SIAN, der vi ropar av full hals «INGEN RASISTAR I VÅRE GATER!».

Eg forstår at eg og SIAN har like stor rett til å uttale oss og kjempe for det vi trur er rett, i alle fall slik lova er i dag. Men det betyr ikkje at eg likar det.

På desse motdemonstrasjonane brukar det å gå ganske fredeleg føre seg. Av og til er det nokon som lagar meir bråk enn nødvendig, men ikkje så mykje at politiet må bruke tåregass eller køller.

Politiet måtte gripa inn under SIAN sin demonstrasjon på Torvet i Kristiansand då ein person sette fyr på Koranen.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Skapar merksemd

Kompisen min var truleg ikkje den einaste som stilte spørsmål ved kvifor demonstrasjonane vart haldne her, når det handlar om noko som skjer så langt borte.

Sjølv har eg også demonstrert mot saker som går føre seg utanfor Noreg, for eksempel situasjonen for flyktningar rundt Middelhavet.

Eg trur ikkje nødvendigvis at det vil skape direkte endringar om eg deltek på ein demonstrasjon

Eg trur ikkje nødvendigvis at det vil skape direkte endringar om eg deltek på ein demonstrasjon om tilstandane i flyktningcampane, eller om kor mange som har døydd i forsøk på å krysse Middelhavet. Men det er med på å skape merksemd rundt temaet.

Sjølvsagt hadde det vore fantastisk om demonstrasjonar skapte endringar med det same. Det kan sikkert alle barn og unge som demonstrerer og streikar for klimaet skrive under på.

Ein kan føle seg liten

Likevel held vi fram med å demonstrere.

For min del handlar det mykje om å kjempe mot kjensla av håpløyse. Sjølv om fleire seier at verda går framover, kan det sjå ganske stygt og mørkt ut til tider. Ein kan føle seg liten og utan betyding i møte med dei store utfordringane, konfliktane, krigane og tragediane.

I staden for å sitte heime med desse kjenslene hjelper det i alle fall for meg å gå ut, møte menneske som tenker og føler på det same, og kjempe for det vi trur på. Då kan ein på slutten av dagen tenke at «Ja, eg har i alle fall prøvd å bidra til endring.»

Kjempe for andre

Eg tenkjer at ein burde utnytte dei privilegium ein har her i nord, og bruke dei for å kjempe for andre som ikkje har dei.

Her i Noreg får vi vern av politiet når vi demonstrerer. Det er heller ikkje vanskeleg eller problematisk å arrangere ein demonstrasjon. Det er langt i frå alle land som har det slik.

Vi burde derfor bruke vår fridom for å kjempe for andre sin fridom, uavhengig av avstanden mellom oss.

Sigrud Grytten trur klimasaka i aukande grad vil bli prega av anten eller. Foto: Ingvild Eide Leirfall/Innfelt: Zynk