Guri Melby vil endre reglane for å demonstrere framfor Stortinget

Regelverket for kven som skal få demonstrere når og kvar på plassen framfor Stortinget, er ikkje godt nok og bør endrast, meiner Venstres Guri Melby.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.05.2019 20:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg konkluderer med at denne saka viser at regelverket ikkje er godt nok. Det er for lett å utnytte det, noko som i praksis bidrar til sensur av motstemmer, seier Guri Melby til NTB.

Stortingsrepresentanten opplevde sjølv å ikkje sleppe inn på Stortinget fordi ho hadde på seg ei gul Amnesty t-skjorte med teksta «Frihet» på, meldte VG i går.

Les også: Kina og India kivast om flest byar på verstingliste

Kinesisk handelskammer framfor Amnesty

Ei ukjend gruppe kalla «Norway-Wenzhou Chamber of Commerce» fekk onsdag demonstrere på Eidsvolls plass framfor Stortinget under den kinesiske partitoppen Li Zhanshus besøk.

Gruppa hadde søkt om og fått løyve frå Stortinget allereie før besøket vart kunngjort, noko som førte til at Amnesty og andre rettsgrupper vart vist til ein plass lenger unna Stortinget.

– Enten må det inn ei tydelegare presisering av kven som skal få demonstrere, eller så må det bli ein ryddigare prosess der alle kan søke på like vilkår. Eit anna alternativ er å vurdere meir skjønn, seier Melby.

– Samtidig meiner eg at akkurat denne situasjonen òg kunne vore løyst innanfor regelverket i dag, legg ho til.

Synest du eksamen er stress? Les om avgongseksamen i Kina, som set heile landet på vent!

Inga skjønnsvurdering frå Stortinget

Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen (H) forklarte onsdag at ein har følgt det regelverket som gjeld, nemleg at den første som søker om å få bruke Eidsvolls plass til ei markering, får det. Stortinget gjer inga siling, skjønnsvurdering eller vurdering av politisk bodskap, ifølgje Trøen.

– Viss ein skal ha førstemann-til-mølla-prinsippet, må det vere ein lik sjanse for alle til å søke. Det var det ikkje i dette tilfellet, seier Melby, med og viste at den kinesiske gruppa hadde søkt før besøket var kjent.

Les også om Agnes Chow – Kinas mest frykta 21-åring, som vart nekta å stilla til val i fjor:

Agnes Chow driv valkamp i Hong Kong. Foto: Wikipedia