Betydinga av ungdommen si klimamobilisering for politikk og næringsliv

Partner i rådgivningsbyrået Zynk.
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget vart først publisert på Energi og klima, og er omsett med velvilje til nynorsk.

Alle større politiske rørsler går igjennom dei same fasane: Arbeidarrørsla starta med ei bevisstgjering av uretten dei store sosiale forskjallene representerte. Kvinnerørsla starta med ei bevisstgjering av uretten med dei store ulikskapane i rettar og moglegheiter mellom menn og kvinner.

Klimarørsla ser ut til å starte med ei bevisstgjering av kor urettferdig det er at vi er i ferd med å øydelegge framtida til barna våre. Og på same måte som arbeidarar og kvinner gjekk i gatene for å kjempe mot urettferd, ser vi no barn i gatene som kjempar for retten til å leve på ein klode som også vil kunne gi dei gode liv.

Hensynet til klima vil slik sette rammene for å kva som er greitt og ikkje greitt. Det er ikkje greitt å utnytte arbeidarar, det er ikkje greitt å nekte nokon rettar fordi dei er kvinner, og det ikkje greitt å bidra til klimaendringar. Politiske rørsler av denne typen har krafta til å gjere sine kampsaker til moralske saker. Moral som igjen finn vegen til lovverk og reguleringar.

På same måte som arbeidarar og kvinner gjekk i gatene for å kjempe mot urettferd, ser vi no barn i gatene som kjempar for retten til å leve på ein klode som også vil kunne gi dei gode liv.

Klimadebatten vert flytta over på verkemidla

Denne endringa er driven fram av ei monaleg endring i befolkinga sitt engasjement for miljø og klima. Det aukte engasjementet er spesielt merkbart i gruppa under 30 år, men også i andre aldersgrupper er det ei klar endring i engasjementet for klimasaka.

Det er vidare tydeleg at klimasaka blir meir polarisert. Vi har tidlegare sett bølgjer av auka miljø- og klimaengasjement i Noreg, men det har då vore ei sak prega av ulike gradar av engasjement. Miljøpartia konkurrerte om å ha dei mest ambisiøse klimamåla, men det var ikkje nokon politisk debatt om verkemiddel. Dei andre partia var ganske enkelt ikkje spesielt opptekne av problemstillinga.

No vert dette biletet endra i takt med at klimapolitikken vert iverksett i form av til dømes bilavgifter, bompengar og utbygging av vindkraft. Samstundes aukar søkelyset på olje- og gassverksemd og denne sektoren si berekraft inn i lavutsleppssamfunnet.

Det blir ganske enkelt tydeleggjort at vi ikkje kan halda fram som før. Det er behov for store endringar. Det medfører at det også blir motstand mot klimatiltak, og aktørar med økonomiske interesser i olje- og gassnæringa slår tilbake mot kritikken.

Klimasaka blir med andre ord som andre politiske saker, der debatten vert flytta over på verkemidla, og ikkje lenger ein debatt om klima er ei viktig sak eller ikkje.

Debatten vil bli sterkt polarisert

Sjeldan har verda sett ei rørsle med eit større moralsk overtak enn klimastreikande ungdomar. Vi kan difor heldigvis vente større politiske omveltingar framover. Utfordringar er at det ikkje er gjort meir før klokka er fem på tolv. Toget er difor gått for ei gradvis omstilling.

Vi har kjent til utfordringa i 30 år, men har i realiteten brukt tida til å gjere omstillinga vanskelegare gjennom å auke utsleppa. Det trass i at kunnskapen om konsekvensane har vore eintydige. Dette skapar ein ytst krevjande politisk situasjon, der det i realiteten ikkje er rom for pragmatismen som vanlegvis pregar politiske prosessar. Det gjer at debatten vil bli sterkt polarisert framover. Klimasaka vil i aukande grad bli prega av anten eller.

Debatten vil bli sterkt polarisert framover. Klimasaka vil i aukande grad bli prega av anten eller.

På den eine sida ei global politisk rørsle beståande av klimastreikande ungdomar støtta av klimaforskarar, miljørørsla, fornybarnæringa og progressive politikarar som ynskjer ein meir aktiv klimapolitikk.

På den andre sida ser vi høgrepopulistiske parti som legg klimafornekting og motstand mot klimatiltak til lista av politiske profileringssaker. Irekna innvandringsmotstand, frykt for islam, motstand mot globale institusjonar og motstand mot establishment.

«Liberal paper straws don’t work» er slagordet til ein kampanje for å gjenvelge Trump. Du kan kjøpe plastsugerør som det står Trump på, for 5 dollar. Kampanjen har så langt samla inn 500.000 dollar til Donald Trumps presidentkampanje.

Det er ei forteljing der syklistar er elitister, medan bilistar er folket. Ei 16 år gamal jente representerer establisementet, medan den amerikanske presidenten er motmakt.

Erkjenninga av klimaendringane er også forankra i Frp

Når sanninga blir gjort politisk, må politiske motstandarar av sanninga ty til nytale. Forskarar blir irrasjonelle hysterikarar, barn blir makta, fornybar energi blir naturøydelegging, kollektivtrafikk blir for eliten, demokrati blir diktatur.

Heldigvis er dette marginale politiske rørsler i Noreg, og i ein norsk kontekst kjempar dei bokstaveleg tala mot vindmøller. I ein norsk politisk kontekst blir det då også langt vanskelegare å bli assosiert med dei same politiske rørslene.

Vi ser til dømes i Frp at grensa er nådd. Den tause majoriteten i partiet tar langt tydelegare til orde mot Carl I. Hagen og Christian Tybring-Gjedde si klimafornekting. Dei ser at det ikkje er noka framtid for eit såkalla nasjonalkonservativt, klimafornektande Frp, men kanskje endå viktigere: dei er ueinige. Erkjenninga av klimaendringane er også forankra blant fleirtalet av Frp sine politikarar.

Partia vil konkurrere om klimatruverd

Dette definerer rammene for norsk klimapolitikk framover. Vi kjem i aukande grad til å sjå at dei politiske partia vil konkurrere om å ha truverd i klimapolitikken. Vidare er det interessant at MDG ser ut til å hamne på vippen i Stortinget etter 2021.

Friarane står allereie i kø, og MDG vil få betydeleg makt dersom dei klarer å halde posisjonen som blokkuavhengig. Det skal ikkje utelukkast at Erna Solberg kan få ei tredje regjeringsperiode med ei sentrum-høgre-regjering der MDG inngår.

Dette vil sjølvsagt også definere det politiske handlingsrommet. Det vil ikkje bli mogleg å vidareføre ein politikk som ikkje evnar å redusere klimagassutsleppa i tråd med dei internasjonale forpliktingane til Noreg. Det betyr at vi skal redusere utsleppa våre med 40 prosent innan 2030 og 80 prosent innan 2050.

Verksemder som ikkje passar inn i ei forteljing om etableringa av det norske lågutsleppssamfunnet, vil få langt dårlegare rammevilkår. Kapital vil slik også trekkast mot berekraftige verksemder, noko som ytterlegare vil forsterke utviklinga. Klimarisiko blir kapitalrisiko.

Å vere ein del av løysinga på klimautfordringa vil gå frå å vere ein hyggeleg bonus til å bli naudsynt for økonomisk berekraft. Både for Noreg som stat og for aktørar i næringslivet.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no