Professor åtvarar mot auka rasfare: – Ekstremnedbør har auka med 30 prosent
Helge Drange, professor ved Geofysisk institutt på Universitetet i Bergen åtvarar om at stadig fleire område blir rasutsette.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I snitt har nedbøren auka med 20 prosent på hundre år, men ekstremnedbør har auka med 30 prosent. Det regnar oftare, og når det først regnar, regnar det meir enn før, seier Helge Drange, professor ved Geofysisk institutt på Universitetet i Bergen til Teknisk Ukeblad.
Les også: Kven får rekninga for framtidig ekstremvêr?
Styrtregn og ras
At det regnar meir og oftare gjer at det blir vanskelegare å føreseie kor styrtregn og ras kjem, noko som gjer at nye område blir rasutsette. Difor er det ikkje lenger nok å vere kjent i området for å vite kvar ras kjem, forklarer Drange.
Noko av grunnen til at nedbøren aukar, er at varm luft held på meir fukt enn kald luft.
Han forklarer at det også blir ein større kontrast mellom den arktiske kaldlufta nord for oss, og den varme lufta frå sør enn tidlegare. Meir luft blir løfta opp, blir kjølt ned og slår ned heilt lokalt når det treffer fjella, for eksempel i Sogn og Fjordane.
Rasfaren aukar når bakken er tørr, eller er heilt metta av vatn, skriv Teknisk Ukeblad.
Lær meir: Global oppvarming: Slik reknar ein ut temperaturauken