Høgres komitémedlemmer vil greie ut forbod mot konverteringsterapi

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dimed ligg det an til fleirtal for ei utgreiing, men ikkje eit forbod, på Stortinget, som Vårt Land fortalde onsdag.

– Vi er mot konverteringsterapi og ønsker ei meir heilskapleg vurdering av alle sider ved eit forbod. Det vil vere tilrådinga vår til Høgre sitt gruppemøte neste onsdag, seier Kristin Ørmen Johnsen (H), som leiar familie- og kulturkomiteen, til VG.

– Eit overgrep

Både MDG og Ap har foreslått forbod mot den omstridde konversjonsterapien, som hevdar å kunne hjelpe personar med å bli kvitt homoseksuelle kjensler.

– Eg håper gruppa sluttar seg til dette, og eg reknar òg faktisk med det. Konverteringsterapi er eit overgrep mot menneske i ein sårbar situasjon, og det handlar ofte om unge menneske i ein vanskeleg situasjon. Ingen skal oppleve å ikkje bli aksepterte for den dei er.

Meiner utgreiing berre er å utsette forbod

Anette Trettebergstuen, Arbeiderpartiet, Hedmark, Familie- og kulturkomiteen

Anette Trettebergstuen, som er blant representantane frå Ap som har foreslått eit forbod, meiner ei utgreiing berre er å utsetje å ta stilling til saka.

Ap vil likevel sekundært stemme for ei utgreiing, om det ikkje blir fleirtal for eit forbod.

Komiteen vil komme med innstillinga si i saka 3. desember.

Les også: Alle ungdomspartia er imot konverteringsterapi, men FpU, Unge Høgre og KrFU meiner sjelesorg er verna av religionsfridomen.

Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i Framstegspartiets Ungdom, er imot konverteringsterapi, men meiner det vert vanskeleg å definere rammene for eit forbod. Foto: Fpu