Student dømt for å ha loge til Lånekassen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordmannen, som studerte i Storbritannia, klarte ikkje å gjennomføre studiet i det tempoet han skulle, ifølgje Lånekassen.

For å unngå å måtte betale tilbake over 200.000 kroner for heile studieåret, leverte han eit falsk skjema om framdrifta på studiet og betalte skulepengar, skriv Finansavisen.

Må ikkje sitje i fengsel

Han vart ifølgje avisa avslørt av Lånekassen, som melde han til politiet. Han er no dømt til 15 dagars betinga fengsel. Det vil sei prøvetid i «det fri» med visse vilkår over ein sett periode, men ikkje faktisk fengselsopphald. Bryt ein vilkåra, må ein i fengsel.

Mannen risikerte fengsel utan vilkår (å måtte sitje i fengsel), men tingretten gav mildare straff fordi han kom med ei fullstendig tilståing.

Samtidig peikar retten på at det gjekk eitt år frå politiet fekk meldinga frå Lånekassen til dei gjorde noko med saka.