Yrket mitt: Petra (38) er klimaforskar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er flott å jobbe saman med andre forskarar, og sjå korleis vi forbetrar forståinga vår for korleis klimaet og jorda fungerer! Det er veldig stimulerande, fortel Petra Langebroek på e-post til Framtida.no.

38-åringen er klimaforskar hjå forskingsinstituttet NORCE og Bjerknessenteret for klimaforskning.

Til vanleg forskar Langebroek på isdekke, og granskar kva som skjer med isen når temperaturen endrar seg – når det vert kaldare, varmare, meir eller mindre snø. Det var likevel ikkje ein fascinasjon for snø og is som førte Langebroek inn i klimaforskinga, snarare det stikk motsette.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen? 

– Eg starta å studere geologi fordi eg likte faga matematikk og fysikk på vidaregåande, og fordi eg var veldig interessert i vulkanar. Så innsåg eg at for å studere vulkanar, lyt du arbeide med kjemi, som eg likte dårlegare enn fysikk, fortel Langebroek.

Ho forlét difor vulkanane og byrja heller å studere platetektonikk.

– Eg fann ut at eg verkeleg likar å arbeide med numeriske modellar. Eg synest dei er eit godt verktøy for å forstå korleis jorda og klimasystema fungerer, forklarar Langebroek.

Frå mastergraden til doktorgraden bytte forskaren emne igjen, og gjekk over til klima-vitskap.

– No forskar eg på korleis innlandsisen på Grønland og Antarktis (den tjukke isen på Sørpolen) reagerte på klimaendringar i fortida.

– Svarte det til forventningane? 

– Ja, eg er framleis veldig glad for at eg kan forske på klimaprosessar. Eg likar jobben min, og er glad for at det er ein type forsking som er veldig relevant for oss alle.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut? 

Petra Langebroek var fire veker på Grønland som ein del av EastGRIP-prosjektet. Her saman med noko av forskingsutstyret i vitskapshola. Foto: Privat

– Sidan eg for det meste nyttar modellar på datamaskin, så arbeider eg på eit kontor bak datamaskina mi. Sjølvsagt så pratar eg også med kollegaane mine, og diskuterer vitskapelege resultat. Nokre gongar reiser eg også for å delta på vitskapelege møter i utlandet.

– Førebudde utdanninga deg på yrket? 

– Ja, spesielt då eg studerte i Nederland, så var det veldig mykje fokus på å tenkje vitskapeleg og problemløysing. Dette er veldig nyttig i min noverande jobb.

– Kva er det mest utfordrande? 

– Det er av og til vanskeleg å innsjå at di meir vi veit, di meir innser vi at vi ikkje veit nok. Til dømes veit vi at vårt noverande klima endrar seg, og at dette vil påverke oss veldig. Men vi veit ikkje akkurat korleis innlandsisen vil reagere på klimaendringane. Der er så mange prosessar vi ikkje forstår godt nok, så det er veldig vanskeleg å gje gode prognoser.

Sjølvsagt, for meg og for andre klimaforskarar, betyr dette at vi framleis har mykje arbeid å gjere!

– Kven passar yrket for? 

– Alle som har ei interesse for å forstå prosessane på jorda og i klimasystema. For å verte ein klimaforskar som meg, må du gjere ferdig ei mastergrad og ei doktorgrad i geovitskap, fysikk eller liknande.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben? 

– Gjer ditt beste på skulen og på universitetet! Hald fram med å vere nysgjerrig og interessert i verda rundt deg.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Nyleg var eg så heldig at eg kunne verte med på feltarbeid på Grønland. Eg var på ein base som drilla etter iskjernar i sentral-Grønland i fire veker. Det var ei veldig spesiell og kul oppleving å arbeide så fjernt med berre ei gruppe på kring 30 personar.

 

Petra Langebroek

Alder: 38 år

Frå: Nederland, no i Bergen. Har budd i Noreg sidan 2011.

Yrke: Klimaforskar

Utdanning: BSc, MSc og PhD i geovitenskap (Bachelorgrad og mastergrad frå Utrecht, Nederland; Doktorgrad frå Bremen, Tyskland)