Ungdomspartia om lokalvalet: – Vil sende ein bukett til bompengepartiet

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter gårsdagens lokalval vakna nordmenn landet over opp til eit nytt politisk landskap.

Framtida.no har spurt ungdomspartileiarane kva dei var mest og minst nøgde med i valet som endra maktbalansar frå nord til sør.

Raud Ungdom: – Eit gjennombrot

– Eg er kjempefornøgd med at Raudt verkeleg har fått eit gjennombrot, og er etablert i heile landet. Me er no representert i alle fylkesting, seier ein lukkeleg Tobias Drevland Lund på telefon til Framtida.no.

Leiaren i Raud Ungdom fortel at jubelen stod i taket på valvaka i går, då valresultata tikka inn.

Særleg sterkt gjorde Raudt det i nordlandskommunen Alstahaug. Der fekk partiet heile 18 prosent i oppslutnad, ein framgang på 11,7 prosentpoeng sidan førre lokalval.

Sjølv trur Lund moderpartiet har klart å nå veljarar som set kampen mot forskjellssamfunnet høgast, medan Miljøpartiet dei Grøne snappa opp klimarøystene og Senterpartiet sitt brakval skuldast distriktspolitikken.

Det einaste skåret i gleda er at Raudt, dei første prognosane til trass, ikkje klarte halde oppslutnaden sin over sperregrensa. Partiet enda på 3,8 prosent.

– Det er viktig at me brukar dei posisjonane me no har fått. Me har mange dyktige Raudt-folk i heile landet og er eit annleis parti som vil dra Noreg i ei anna retning, både sosialt og økonomisk. Me må bruke kommunane som utstillingsvindauge for det, seier Lund.

Det løner seg å byggje opp lokale profilar, og det har me gjort i fleire byar og tettstadar, seier Raud Ungdom-leiaren Tobias Drevland Lund. Arkivfoto: Beate Haugtrø.

Unge Høgre: – Det er ein del regjeringsslitasje

Nestleiar i Unge Høgre, Daniel Skjevik-Aasberg, løftar fram ei Bø i Vesterålen, Ibestad i Troms (snart Troms og Finnmark), samt Masfjorden i Nordhordland som gode døme på at Høgre gjer det godt i distrikta.

I Bø fekk partiet 58 prosent av stemmene, i Ibestad fekk dei 51,1 proosent og i Masfjorden 41,7 prosent.

– Eg er glad for at mange distriktskommunar viser at Høgre kan gjere det bra i disrikta. I tillegg er eg glad for at Oslo Høgre framleis er største parti i Oslo og at Asker og Bærum framles er høgrebastionar, seier Skjevik-Aasberg.

I hovudstaden fekk partiet 25,4 prosent av stemmene, ein nedgang på 6,4 prosent sidan førre kommuneval. Det følgjer trenda nasjonalt, der Høgre gjekk ned tre prosentpoeng og fekk ein oppslutnad på 20,1 prosent.

– Eg er ikkje nøgd med at Høgre går såpass tilbake nasjonalt. Me har sitte seks år i regjering, så det er ein del regjeringsslitasje, meiner Høgre-politikaren.

Han stod på val til kommunestyret i Narvik, men veit framleis ikkje om han kjem inn i den nye storkommunen.

– Eg er heller ikkje nøgd med at Høgre i heimkommunen min Narvik går tilbake frå 30 til 13 prosent.

Daniel Skjevik-Aasberg er nestleiar i Unge Høgre. Foto: Høgre

Senterungdommen: – Hadde ikkje sett dette kome for eit år sidan

– Det er veljarane som avgjer, og det kan du ikkje ta for gitt. Men når dei første målingane kom, og så det endelege resultatet… Eg hadde ikkje sett det kome for eit år sidan, seier den storfornøgde leiaren i Senterungdommen, Ada Arnstad.

Senterpartiet vert rekna som valets store vinnar, og med sine 14,4 prosent nasjonalt gjorde partiet sitt beste val nokon sinne. Samstundes kan partiet ende opp med 150 ordførarar i landet.

– Det beste er at folk har mobilisert og har jobba for dette – at veljarane viser at dei har trua på prosjektet vårt og ynske vårt om å utvikle heile Noreg. Det har ikkje berre skjedd i ein kommune eller eit område, det har skjedd over heile landet, seier Arnstad.

Særleg gler ho seg over den overveldande framgangen i Nord-Noreg, og som trønder: endringane i heimregionen. I Stjørdal har det vore borgarleg styre i over tjue år, med Senterpartiet i samarbeid med dei blå partia, men med nesten 40 prosent oppslutnad har Senterpartiet styrka stillinga si.

– Og i Verdal, som tidlegare har vore ein Ap-bastion, så har me no reint fleirtal åleine, seier Arnstad.

Etter tre år som leiar for Senterungdommen gjev Arnstad frå seg vervet i november. Etter gårsdagens valresultat er 26-åringen klar for å ta fatt på lokalpolitikken som folkevald til fylkestinget i Trøndelag.

– Om eg skal løfte fram eit forbetringspotensial, så er det valdeltakinga. Me er langt unna å nå målet med å få folk til stemmelokala for å nytte stemmeretten dei har, seier Senterungdomsleiaren. Foto: Ragne Borge Lysaker

Sosialistisk Ungdom: – Eit varsel til regjeringspartia

– Eg er jo mest nøgd med at SV går fram og at partia som jobbar for klima og mot auka forskjellar opplever framgang. Det er eit varsel til regjeringspartia om at veljarane ikkje er nøgde med den politikken som vert ført, seier SU-leiar Andreas Sjalg Unneland.

Han har sete i kommunestyret for Sosialistisk Venstreparti i heimkommunen Fjell utfor Bergen, men stod ikkje på liste til årets val. Likevel gler han seg over at partiet opplever auke òg i den nye samanslåtte kommunen, Øygarden.

Aller mest nøgd er han likevel med valet for Oslo SV, som gjekk opp 3,6 prosent og enda med 9,1 prosent av stemmene.

– Eg er imponert over at SV, som har styrt Noreg største by Oslo sit i posisjon og fortset å sitja i posisjon. Det er historisk og viser at det løner seg å driva radikal politikk, seier Unneland.

Han løftar òg fram Nordkapp, der SV vart aller største parti med heile 36,9 prosent, noko han meiner skuldast at dei har vore ei tydeleg stemme for at naturverdiar skal vere eigd av fellesskapet og ikkje private.

– Kva er du minst nøgd med?

– Ein ser at dette er eit val der ytterfløyane har gått fram. At bompengepartiet har gjort det så bra i Bergen er skuffande. Me lever i ei tid der det ikkje er bompengekrise, men klimakrise, understrekar han.

Andreas Sjalg Unneland. Foto: Beate Haugtrø

 FpU: – Me legg oss ikkje ned og gjev opp

– Eg skulle sjølvsagt ynskje me hadde ein høgare oppslutnad, og at fleire veljarar ser kor viktig det er at Frp er med å styrer i kommunane sine, seier formann i Framstegpartiets ungdom Bjørn-Kristian Svendsrud til Framtida.no

Moderpartiet Frp gjorde sitt dårlegaste lokalval sidan 1991, og sanka berre 8,3 prosent av dei avlagde stemmene i landet.

Svendsrud trur det er for tidleg å peike på kva som har ført til at veljarane forlèt partiet, og påpeiker at nokre tidlege meiningsmålingar spådde endå lågare tal.

Samstundes meiner FpU-formannen der er nok eit lyspunkt i det som elles er eit bekmørkt val for partiet:

– Eg er først og fremst godt fornøgd med at me får mange unge kandidatar inn i fylkesting og kommunestyre rundt om i landet. Det er det viktigaste for FpU.

Så de held fram med friskt mot?

– Ja, sjølvsagt. Me legg oss ikkje ned og gjev opp. Det er eit heilt greitt valresultat. Me veit at politikken vår er den beste for kommuane og for landet, me må berre få fram den bodskapen til fleire, avsluttar Svendsrud.

Ein av lærdomane FpU-formann Bjørn-Kristian Svendsrud tek med seg frå årets lokalval er at folk flest er mest opptekne av lokale saker ved kommunevalet. Rikspolitikken har i år teke for stor plass. Foto: FpU

Grønn Ungdom: – Skulle gjerne sendt ein bukett til bompengepartiet

Miljøpartiet dei Grøne har saman med Senterpartiet blitt kåra til vinnarane av valet. Dei fekk til saman 6,7 prosent oppslutnad, og hadde ein oppgang på 2,4 prosentpoeng frå 2015. 

– Det er heilt uverkeleg! I Vardø fekk me litt over 20 prosent. I Færder 10,7 og i Ås 11,9 prosent, i tillegg til dei gode resultata i byane. Det viser at nordmenn har byrja å vakne. At dei skjønar at klimakrisa er alvorleg, og forstår at det har noko å seie kven som styrer. Dette lovar godt for 2021. Då blir det regjeringsskifte.

– Regjeringsskifte?

Me er blokkuavhengige, men denne regjeringa har vist at dei ikkje er i nærleiken av å vise god klimapolitikk. Dei har svikta heilt. Me kjem nok til å gå på valg for regjeringsskifte i 2021. 

Minst nøgd er han med at dei endå har ein veg å gå i distriktet. Der var det heller ikkje MDG-lister i aller kommunar.

– Omlag 90% av folk i Noreg kunne stemme på MDG, men ikkje alle stader. Eg meiner me også har den beste distrikspolitikken, mot sentralisering og mot naturøydeleggingar. 

Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) gjorde eit brakval, og fekk mellom anna 16,9 prosent i Bergen og 10,2 prosent i Sola. 

Bruu meiner dette er veldig uheldig, men er samstundes takknemleg.

– I bompenge-saka har me blitt ein tydeleg motpol i diskusjonen og har fått anledning til å snakka om grøn utvikling. Eg skulle gjerne sendt ein bukett til bompengepartiet og takka for at dei gav oss høve til å snakke så mykje om eigen politikk.

Teodor Bruu er nasjonal talsperson for Grøn Ungdom og gler seg over at MDG truleg får ordførarar for fyrste gong. – Det blir ei ny tid for oss. Me vil få meir erfaring med konkret styring, noko som er bra for å vekse vidare fram mot stortingssvalet. Foto: Grøn Ungdom

KrFU: – Trur me skal vere nøgde

– Ein ynskjer sjølvsagt å vera høgare opp, men eg trur me skal vere nøgde med fire prosent. Sjølv om det er ein nedgang, har me vore gjennom tøffe rundar og hatt ganske dårlege målingar lenge.

Særleg glad er ho for at Jonas Andersen Sayed kan bli tidenes yngste ordførar i Sokndal. 

– Det er veldig gøy. I tillegg er det mange KrFu-arar som har kome inn i kommunestyrer i landet. 

Ho er overraska over at Demokratane har fått inn så mange i Kristiansand og at bompengepartiet gjer det så bra nokre stader. 

– Mange seier gjerne at dei skal sende nokre proteststemmer på førehand, men no gjer dei det faktisk når dei står i stemmelokala. Det synest eg ikkje er heilt positivt. Der kjem ein til å få utfordringar for å danna fleirtal og med politikken. Ein jobbar ikkje berre med eí sak i kommunepolitikken. 

Martine Tønnesen, leiar i KrFU. Foto: Beate Haugtrø

Martine Tønnessen er leiar i KrfU. Foto: Beate Haugtrø

Unge Venstre: – Me har større ambisjonar

På landsbasis fekk Venstre ein oppslutnad på 3,8 prosent.

– Dette er ikkje eit resultat me har grunn til å vera stornøgde med. Me har jo større ambisjonar. Me har heva oss gjennom valkampen, men me meiner at Venstre bør vera eit parti med tosifra tal. 

Mest nøgd er han med 36 prosent oppslutnad i nye Stad kommune, der også Alfred Bjørlo får halda fram som ordførar i den nye kommunen (tidlegare Eid og Selje, journ.anm). 

Sondre Hansmark, leiar for Unge Venstre. Foto: Beate Haugtrø

Sondre Hansmark er leiar i Unge Venstre.  Foto: Beate Haugtrø

Han er overraska over at partiet fekk låge tal i Oslo og Bergen, med høvesvis 5,8 og 3,8 prosent.

– Eg trur dei andre regjeringspartia er flinkare til å fronta sin eigen primærpolitikk, og at me har tapt oss litt i departementa. Me har vore mest tru mot regjeringsprosjektet, og det trur eg velgarane straffar oss for. Me må vera tydelegare på å formidla korleis ting hadde sett ut dersom Venstre styrte åleine.

Også han er skuffa over dei gode tala til FNB, sjølv om også han meiner at det gav Venstre eit høve til å snakka om dei positive sidene ved bompengar.

– Eg trudde bompengepartiet kom til å falla på valdagen. Det er synd at så mange stemmer for å gjere det billigare å forureina.  

AUF: – No skal me gå i oss sjølve

AUF-leiar Ina Rangønes Libak er svært nøgd med innsatsen som dei frivillige Areidarpartipolitikarane har lagt ned over heile landet.

– Det er kjekt med alle kommunar der me vinn, men ein er jo ekstra oppteken av der ein kjem frå, seier Libak.

Sidan ho bur i det nye storfylket Viken gler ho seg over det raud-grøne fleirtal i fylkesvalet der. I tillegg får Ap 53,3 prosent oppslutnad i heimkommunen Averøy.

AUF-leiar Ina Libak meiner det er for tidleg å sei kva Arbeidarpartiet sitt svake valresultat på landsbasis skuldast. Pressefoto: AUF

I tillegg gler AUF-leiaren seg særleg over Stavanger, der det vert skifte etter mangfaldige år med Høgre-styre. Ho er likevel litt skuffa over valresultatet på landsbasis, der Arbeidarpartiet sin oppslutnad har stupt og partiet gjer sitt dårlegaste lokalval noko sinne.

– Det er klart at eg vil at Arbeidarpartiet skal gjere eit betre val. Det vil ein alltid. No skal me gå i oss sjølve og sjå korleis me kan gjere det betre, seier Libak, som synest det er for tidleg å koma med ein analyse av kvifor det gjekk som det gjekk dagen etter valet.