Slik auka dei valdeltakinga i Bergen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Auka valdeltakinga med SMS

Før stortingsvalet i 2017 brukte Bergen kommune 140.000 kroner på å sende SMS til bergensarane. Oppfordringa var klar: Veljarane vart bedne om å bruke stemmeretten sin på valdagen 11. september.

No viser ei undersøking gjort ved Norges Handelshøyskole (NHH) at oppfordringa frå kommunen verka som planlagt, melder NRK.

Doktorgradsstipendiat Ole-Andreas Elvik Næss seier dei meiner dette har hatt ein positiv effekt, og at valdeltakinga var høgare i fjor.

– Det er vanskeleg å gi noko eksakt tal, men den førebelse analysen av tala viser at effekten kan ha vore mellom eitt og to prosentpoeng, seier han.

Ei samanlikning av valdeltakinga i dei fem største byane i Noreg viser at Bergen hadde den høgste deltakinga. I tillegg auka den meir enn i dei andre byane.

Kommunen sende 200.000 tekstmeldingar. Dei var formulerte på to ulike måtar i to ulike delar av kommunen. Grunnen til at det vart gjort på denne måten, var at forskarane ville sjå om ulik ordlyd kunne gi ulik effekt på valdeltakinga.

– Det ser ikkje ut til at måten oppfordringa var formulert på, påverka valresultatet, seier Elvik Næss.