Solidaritetsaksjon for prostatakreftramma

Nær 5.000 menn får prostatakreft årleg i Noreg. I november får menn og kreft ekstra merksemd takk vere Blå sløyfe-aksjonen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aksjonen blir arrangert i år for tredje året på rad, i solidaritet med dei som blir ramma.

– Prostatakreft rammar altfor mange menn, og omfanget aukar stadig. Derfor er det viktig å plassere ei Blå sløyfe på brystet i november, for å vise at vi bryr oss om alle dei som er ramma av prostatakreft, seier generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeningen.

– Treng meir informasjon og openheit

Aksjonen er eit samarbeid mellom Kreftforeningen og Prostatakreftforeningen, der hovudmålet er å spreie meir kunnskap om kreftforma.

– Vi opplever at mange kan for lite og vil helst ikkje dele så mykje om sjukdommen. Enkelte vil òg unngå behandling i frykt for konsekvensane. Vi treng meir informasjon og større openheit rundt prostatakreft, seier styreleiar Hans-Fredrik Donjem i Prostatakreftforeningen.

Kreftforma som rammar flest nordmenn

Det lever om lag 52.000 menn som har overlevd prostatakreft i Noreg i dag. Mange av dei opplever problem med mellom anna vasslating og seksuallivet. Slike utfordringar kan vere vanskelege å snakke om, men jo meir openheit det er generelt i befolkninga, jo betre blir det for den enkelte.

Prostatakreft er kreft som oppstår i blærehalskjertelen eller prostata, som sit like under urinblæra hos menn.

Rundt éin av åtte menn vil få påvist prostatakreft. Til å vere den kreftforma som rammar flest nordmenn, så blir det forska for lite i Noreg, ifølgje Kreftforeningen.

Fakta om prostatakreft

  • Alle menn har ein prostata, også kalla blærehalskjertel. Prostatakjertelen har som oppgåve å produsere den væska som transporterer sædcellene gjennom urinrøyret.
  • Det er ukjent kvifor prostatakreft oppstår. Alder, arv, hormon, kost, miljø og livsstil ser likevel ut til å vere av tyding for utvikling av sjukdommen.
  • Kreft i prostata rammar først og fremst eldre menn og har auka i takt med talet på eldre i befolkninga. Men også stadig fleire yngre menn får prostatakreft.
  • Rundt 5.000 menn får prostatakreft årleg i Noreg. Talet på tilfelle aukar i alle aldersgrupper, og allereie i 2030 blir det forventa at nær 7.000 blir ramma årleg av denne sjukdommen.
  • Noreg er òg på europatoppen i dødelegheit av prostatakreft. Kvart år døyr nær tusen menn av sjukdommen.

Nyaste tal frå Kreftregisteret:

  • Nye tilfelle: 4.848 (2018)
  • Mengde som lever og har eller har hatt prostatakreft: 52.061 (2018)
  • Talet på årlege dødsfall: 934 (2017)