Frå 1. januar neste år kan nordmenn bli statsborgarar i eit anna land utan å miste det norske statsborgarskapet sitt.
NPK-NTB
NPK-NTB

Samtidig må ikkje lenger utanlandske statsborgarar seie frå seg det opphavlege statsborgarskapet sitt for å bli norske borgarar.

– Når vi opnar for dobbelt statsborgarskap, sørger vi for at norsk lov følgjer utviklinga i ei meir globalisert verd, der stadig fleire har tilknyting til meir enn eitt land, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Kan få tilbake norsk statsborgarskap

Stortinget vedtok i fjor regjeringsforslaget om å opne for dobbelt statsborgarskap. I statsråd fredag vart det vedtatt at endringane i statsborgarlova trer i kraft 1. januar.

Norske borgarar som har mista det norske statsborgarskapet sitt då dei fekk statsborgarskap i eit anna land, kan no på ein enkel måte få tilbake det norske statsborgarskapet sitt.

Det er Utlendingsdirektoratet (UDI) som skal behandle søknadene om norsk statsborgarskap frå utanlandske statsborgarar og tidlegare norske borgarar, opplyser Kunnskapsdepartementet.

Les også: Meining: Visste du at det å ta imot flyktningar kan løne seg økonomisk?

Egyptiske Mohamed Salah er ikkje flyktning, men får æra for å ha bidrege til å halvera muslimhatet i den britiske byen Liverpool. Her vert han hylla etter at laget vann Champions League i år. Foto: Eric The Fish, Wikipedia

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE