Sjølv om hovudregelen er at Noreg ikkje tillèt dobbelt statsborgarskap, får seks av ti nye norske borgarar behalde sitt gamle pass.

Eritrearar og somaliarar er dei to største gruppene som beheldt sitt gamle statsborgarskap etter at dei vart norske borgarar i fjor, skriv Bergens Tidende. Dei neste landa på lista er Thailand, Afghanistan, Irak og Iran, ifølgje tal avisa har fått frå Utlendingsdirektoratet.

I fjor fekk 12.500 personar – 59 prosent av dei som oppnådde norsk statsborgarskap – behalde sitt gamle statsborgarskap. Delen var den same året før. Forklaringa er at det er ei rad unntak frå hovudregelen om at ein ikkje kan ha dobbelt statsborgarskap i Noreg. Unntaka gjeld blant anna dersom det andre landet ikkje tillèt at ein seier frå seg statsborgarskapet.

Er venta eit fleirtal for forslag om å endre reglane

Andre grunner kan vere eit statsapparat som har kollapsa, at det er urimeleg kostbart eller risikofylt å kvitte seg med det andre statsborgarskapet, grunna faktorar som krig eller forfølging. Personar som er fødde med dobbelt statsborgarskap eller gifter seg med utlendingar kan også få unntak.

Venstre og SV har ivra for å tillate dobbelt statsborgarskap, og i fjor snudde Høgre og Frp frå nei til ja. Dermed er det venta at regjeringa får fleirtal for eit forslag om å endre reglane.

Oppdatert: fredag 16. mars 2018 10.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE