Forskarar åtvarar mot meir data i skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar åtvarar mot meir data

Barn lærer meir av å skrive for hand enn på datamaskin, viser hjerneforsking frå NTNU i Trondheim. No åtvarar forskarar mot databølgja i skulen

– Ikkje hopp over stadiet der du lærer barna å skrive for hand, seier professor Audrey van der Meer ved NTNU til Klassekampen.

Denne veka publiserte ho ein ny studie om korleis hjernen fungerer når ein teiknar for hand eller brukar tastatur.

LES OGSÅ: Norske elevar nest best i data

Klassekampen har tidlegare skrive om Trondheim kommune, der målet er éi datamaskin per elev. Arbeidarpartiets Trond Giske vil gå endå lenger ved å bruke ein halv milliard kroner i året på å kjøpe nettbrett eller PC til alle norske elevar. Ny forsking tyder på at blyant og papir kan vere like effektivt om ein vil at barna skal lære noko.

Studien frå hjerneforskarane Audrey van der Meer og Ruud van der Weel ved NTNU viser at hjernen jobbar annleis når vi teiknar eller skriv bokstavar for hand, enn når vi skriv ved hjelp av eit tastatur. Funna bekreftar tidlegare forsking.

LES OGSÅ: Tastatur eller blyant?

– Når vi skriv for hand, blir hjernen sett i ein tilstand som gjer læring lettare, seier van der Meer til avisa.

– Å lære å skrive for hand er eit viktig og vanskeleg stadium alle barn bør gå gjennom. Å argumentere med at dei ved å bruke tastatur lærer å lese og skrive raskare og kan uttrykkje seg skriftleg tidlegare, er å gjere barna ei bjørneteneste, seier van der Meer.

Studien vart publisert i det internasjonale tidsskriftet «Frontiers in Psychology» 9. mai. (©NPK)

LES OGSÅ: – Dataspel kan kutta skulen med to år