Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

#Kroppspositivisme – den norske versjonen av #bodypositivity – har over 1000 treff på Instagram, og talet aukar.

Kvinner, og menn, legg ut bilete av seg sjølv der dei visar armar, lår, rumper, pupper og magar i alle formar og fasongar, med alt av arr, cellulittar og strekkmerker.

Kva er eigentleg kroppspositivisme?

Framtida.no har spurt nokon av Noregs mest aktive kroppspositivistar: Carina Carlsen, Sonja Iren Ebbesen Johnsen, Nastaran Marie Kowkabi, Wilde Siem.

Nastaran Marie Kowkabi starta Noregs fyrste offisielle plus size-blogg. Foto: @Nastaranmarie, Instagram

Kva er kroppspositivisme?

– For meg handlar kroppspositivisme i hovedsak om aksept, svarar Nastaran Marie Kowkabi (32) og utdjupar:

– Det handlar om å akseptere kropp og utsjånad, uavhengig av vekt, storleik og fasong.

For 29 år gamle Wilde Siem handlar det om at alle er bra som dei er.

Wilde Siem (29) står bak instagramprofilen Happykropp. Foto: @Happykropp, Instagram

– Alle typar kroppar bør fremjast, slik at normen ikkje lenger er slank, kvit og retusjert.

Dei fire kvinnene legg vekt på at kroppspositivisme handlar om den psykiske helsa, om å fremje god psykisk helse knytt til kropp og sjølvbilete.

Siem seier vidare at det handlar om å «trivast i det skallet ein har», å ha eit avslappa forhold til kropp slik ein kan fokusere på noko anna enn utsjånad.

Carina Carlsen (32)avkreftar kroppsmyter på Instagram-komtoen @Fetmenfattet. Foto: Instagram

– Mange trur at fordi eg er tjukk, så fremjer eg fedme ved å snakke om dette. Det vil eg påstå er feil, seier Carina Carlsen.

32-åringen fortel vidare at det ikkje handlar om å la vere å trene eller ikkje ete grønnsakene sine, som veldig mange trur, men rett og slett ha eit avslappa og godt forhold til eigen kropp.

Kva gjorde kroppspositivsmen for deg?

Før var Sonja Iren Ebbesen Johnsen usikker på seg sjølv, men i dag er ho fornøgd med eigen kropp. No ønskjer ho å inspirere andre på same måten som ho vart inspirert. Foto: @sonja.iren

Sonja Iren Ebbesen Johnsen (19) oppdaga kroppspositivisme for om lag eitt år sidan, då ho såg ei jente i bikini på Instagram, med mage.

– Det var veldig inspirerande! Eg tenkte at om ho kan legge ut bilete av seg slik, kan eg også, fortel Johnsen.

Nastaran Marie Kowkabi oppdaga også konseptet via Instagram. I 2011/2012 oppdaga ho utenlandske kroppspositivistar som gjekk i det dei ville, og gjorde alt dei ville, utan at kroppen, vekta eller storleiken deira var eit hinder.

– Eg prøvde å finne same inspirasjon lokalt, men då eg ikkje fann nokon norske kroppspositivstar bestemte eg meg for å bli ein sjølv.

Ho fortel at det meste endra seg etter dette. I 2012 starta ho Noregs fyrste offisielle plus size blogg. Ho melde seg på Miss Plus Size International og vart blant 30 finalistar. Ikkje minst har sjølvtilliten og sjølvfølelsen vorte mykje betre.

 

 

Et innlegg delt av Carina (@fetmenfattet)

Carina Carlsen skreiv sin fyrste tekst om temaet allereie i 2002, men oppdaga ikkje kroppspositivismen før 2010.

Sidan då har ho lese alt ho har kome over av litteratur på området, og synest det er spennande med dei ulike innfallsvinklane folk har.

– For meg er det ikkje så farleg korleis folk hamnar der, eller kva grep dei tek, berre målet er det same: at vi skal slå oss til ro med den kroppen vi har, puste med den magen vi har og innsjå at kroppen er det minst interessante ved oss.

Instagram-miljøet

Wilde Siem såg eit bilete av den amerikanske plus size-modellen Tara Lynn for ein del år sidan.

– Eg syntest ho var så flott, og samtidig var ho tjukk.

Ho starta å følgje Tara Lynn på Instagram, og fann fleire flotte modellar som var på rundt hennar storleik.

– Når eg synest desse damene var så flotte begynte eg å tenke at det var kanskje ikkje heilt ulovleg å begynne og tenke sånn om meg sjølv.

Etter dette fant ho det kroppspositivistiske miljøet på Instagram, der det var ekte menneske utan retujsering, sminkørar eller perfekt lyssetting.

Her kom ho over folk som hadde same erfaringar som ho sjølv, og vart merksam på at hennar verdi ikkje baserer seg i det heile på korleis ho ser ut eller kva ho veg. Livet snudde seg til det betre. Men den største endringa gjaldt kanskje matvanar.

– Frå å alltid vere opphengt i kva eg åt, tek eg det heile veldig mykje meir med ro no. Eg er flinkare til å høyre på kroppen, et når eg vil og gjev den den energien eg treng, fortel Siem.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Wilde | Happy body (@happykropp)

Har du nokre førebilete?

– Eg ser opp til vakre plus size modellar, spesielt Ashley Graham, svarar Sonja Iren Ebbesen Johnsen.

Dei internasjonale førebileta til dei norske kroppspositivistane er mellom anna: (Øvst frå venstre:) Roscoe Ramone, Megan Crabbe (@bodyposipanda), supermodellen Ashley Graham, (nede frå venstre:) Tess Holiday, islandske Tara Margrét Vilhjálmsdóttir og walisiske Callie Thorpe.

Carina Carlsen skryt av Linda Bacon som har skrive boka «Helse uansett størrelse». Men dei største førebileta hennar er dei som står i det, kjenner på kroppspresset og jobbar med å ta grep.

– Dei er førbileta mine fordi dei er sterke som tar kampen. Eg har vore der dei er, men eg er ikkje det no lengre, i alle fall ikkje i like stor grad, seier Carlsen.

Kva tilbakemeldingar får du?

Dei fire kroppspositivistane har alle fått mest positive tilbakemeldingar, i hovudsak via Instagram.

Men Sonja Iren Ebbesen Johnsen har òg fått negative tilbakemeldingar.

– Det har også vore mykje hate, men no merkar eg ikkje det så godt lenger, fordi eg har eit filter på insta som gjer sånn at ein ikkje kan skrive hatefulle ting i kommentarfeltet mitt, fortel Johnsen.

Då Johnsen starta å legge ut bilete kommenterte folk på at ho måtte ete mindre, trene meir, eller at ho snart kom til å døy.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av SONJA IREN (@sonja.iren)

Carlsen og Kowkabi som er meir aktive i den offentlege debatten, har begge opplevd korleis folk let seg provosere. I kommentarfeltet til nettaviser har det vore ei rekkje hatefulle kommentarar.

– Då eg har vore ein del i media i løpet av dei siste åra, har det sjølvsagt kome inn nokon kommentarar i kommentarfelta frå menneske som meiner at eg promoterar fedme, at eg koster helsevesenet masse pengar og at det er usunt å vere overvektig, forklarer Kowkabi.

I tillegg til generell hets har Carlsen òg opplevd å få både drapstruslar og valdtektstruslar.

Det er som oftast menn som kjem med kommentarar, ifølgje Carlsen.

– Ofte botnar det ut i om dei synest eg er attraktiv eller ikkje, så anten vankar det dødsdom eller penisbilete.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Carina (@fetmenfattet)

Kvifor provoserer det slik?

Sonja Iren Ebbesen Johnsen trur at dei som let seg provosere ikkje forstår. At dette er personar med ei «normaltvekt» og tynne kroppar, som ikkje forstår at alle ikkje har same forbrenning som dei.

– Eg et normalt og trenar. Og ja, av og til «kosar» eg meg med noko godt som alle andre. Eg skal nyte livet mitt, uavhengig av korleis kroppen min ser ut, forklarar Johnsen.

Det har aldri vore greit å vere tjukk, forklarar Nastaran Marie Kowkabi. Dette er noko vi har lært sidan vi var heilt små, gjennom familie, venner og resten av samfunnet.

Ho trur reaksjonane delvis skuldast at det som er uvant kan oppfattast som ubehageleg, eller provoserande, for mange.

Å vere kroppspositivist går ikkje i mot å ta vare på den fysiske helsa, understrekar Sonja Iren Ebbesen Johnsen.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av SONJA IREN (@sonja.iren)

 Carina Carlsen meiner også reaksjonane skuldast misforståingar.

– Mange misforstår også, og trur eg seier at vi skal slutte å bry oss om den fysiske helsa og bli tjukke, alle saman, når alt eg seier er at vi må ta betre vare på den psykiske helsa på den måten som gjer oss sjølv best, seier Carlsen.

Wilde Siem trur ikkje nødvendigvis det er kroppspositivismen som provoserar, men berre tjukke kroppar i seg sjølv.

– Folk blir veldig provosert dersom ein «ikkje gjer noko med det». Om eg er ein flink tjukk person, som trenar og prøvar å gå ned i vekt, er det liksom greit. Men om eg berre vil vere tjukk blir folk kjempesinte.

Kvifor nedkjempe kroppspress med kropp?

– Kjensla av å ikkje tørre å kle av seg i nærleiken av eit speil er ei forferdeleg kjensle, forklarar Johansen.

Kroppspositivisme finst både med og utan klede, men på grunn av denne kjensla har det vore viktig for henne å ufarleggjere det å vise meir hud, då spesielt rundt «bikinikroppen».

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Nastaran Marie K. (@nastaranmarie)

 – Vi vert eksponert for slanke (ofte avkledde) kropper over alt – på TV, badetøysreklame, utanfor Brun & Blid osb., mens vi framleis ikkje er blitt vant til å sjå større kropper i like stor grad, fortel Kowkabi.

Kowkabi meiner at om ein ser ulike kroppar ofte nok, vil vi også få ein større aksept for det – både hos andre og oss sjølve.

Carlsen seier at for hennar del handlar det om at ho faktisk ønskjer å provosere folk, slik dei ser at kroppar kjem i alle fasongar.

– Eg har vorte meldt så mange gongar på Instagram at ingen av emneknaggane mine fungerar lengre. Eg er rett og slett for mykje naken og sikkert for sint, avsluttar Carlsen.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Carina (@fetmenfattet)