Hei og hår – ei hårete forteljing om kampen mot kroppen


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Har du ikkje barbert deg?!»

Då me hang på benkane utfor ungdomsskulen i friminuttet var det ein eldre gut som berre elska å ta på leggane til jentene for å sjekke om dei var glatte. Til tilsynelatande stor glede for han og skrekk for jentene. Ikkje den same skrekkblanda fryda som prega det at gutane kasta vatn på jentene som hadde kvite klede. Dette var berre skam.

Kor høgt opp skal ein eigentleg barbere?

Hårete lår

Eg hadde kjensla av at leggane var piggete igjen berre timar etter eg hadde hatt beina i badekaret for å barbere dei slik at eg kunne utnytte sommarvarmen til å gå med shorts. Og i lyset såg eg plutseleg at eg hadde lange lyse hår på knea. Kor høgt opp skal ein eigentleg barbere?

«Oi, eg trur det er på tide at du byrjar å barbere baksida av låra dine!» seier ei venninne medan me solar oss.

Neste dag stod eg opp-ned i dusjen for å kome til på baksida av låra. At eg ikkje har sett det før! Lange ekle hår! Kor lenge har dei vore der? Kva har dei som har gått bak meg på gata sett?

Kampen for tilvære

På vidaregåande hadde eg ein klassekamerat som barberte håret på armane. Må eg òg gjere det, tenkte eg? Heldigvis fann eg ut at DET var eg for lat til å gjere. Livet er for kort til å barbere kontinuerlig for å hindra at eit einaste hår stikk fram. Eit slikt Sisyfos-prosjekt har eg ikkje tid til å ta på meg.

For oss kvinner er sommaren ein kamp mot kroppen og naturen. Kvar dag skal ein vere klar for å kaste av seg fillene for å vise seg hårlause. Aller helst skal ingen menn vite kor hårete me eigentleg er. At me er ulvar, om me ikkje barberer oss.

Har jenter hår på tærne om dei ikkje barberer seg?

Eg har framleis dårleg samvit for då ein venn av meg var oppriktig interessert og spurte: «Har jenter hår på tærne om dei ikkje barberer seg?» «Nei,» kontra eg lynraskt, som om det var verdas dummaste spørsmål, vel vitande om at eg hadde tre svarte hår på stortåa som dukka opp til dei minst gunstige tider.

Takk for fotballsokkar

I ein periode var eg faktisk oppriktig uroa for korleis eg skulle løyse det om eg skada foten min på trening og måtte vise fram vinterpelsen – som om det er ditt største problem når du ligg der på fotballbanen og sprellar.

Fotballsokkane er ei gåve til alle kvinnelege fotballspelarar verda over. Mang ein gong har eg tenkt på for eit dilemma kvinnelege volleyballspelarar må ha. Om dei skal bruke meir langvarige tiltak som voksing kan dei jo ikkje sveitte etterpå – så der rauk det treningsregimet.

For å sleppe den daglege barberinga som krevst for å ha dei silkemjuke Venus-leggane frå reklamen – der dei i alle år har barbert allereie nybarberte leggar – tyr mange til meir varige metodar som nettopp voksing.

Men så er problemet: Korleis skal eg spare fem millimeter hår utan at nokon ser det?

Det ein ikkje ser…

Heldigvis har eg innsett med åra at ingen på jobb ser på leggane mine under pulten. Difor kan eg gå med kortbukse sjølv om eg ikkje rakk å ta leggane på morgonen.

Men eg tek kanskje ikkje på meg skjørt, det får vente til ein annan dag.

Og eg har skjønt at ingen ser inn i armholene mine når eg joggar, og at folk ikkje studerer bikinilinja mi på stranda. (Eg håpar i alle fall ikkje det. Og om ein pervo finn glede i å inspisere bikinilinja mi med kikkert håpar eg han får inngrodde hår i augo.)

Takk til mamma og Julia Roberts

Som tenåring brukte eg å kjefte på mor mi for at ho ikkje barberte leggane sine. Det var dritflaut.

Men no er eg takksam for at eg alltid har visst at kvinner har hår.

Me skuldar alle unge jenter, som gjerne tek opp sin første barberhøvel i ein alder av ti år, å vise dei at hår er heilt naturleg.

Ikkje minst vil eg takka Julia Roberts, for den gongen ho løfta armen i gallakjole og sjokkerte ei heil verd.

Misforstå meg rett: Du må gjerne fjerne hår på alle stader du vil, men ikkje la deg hindre av ein hårstubb.

Eg vil slå eit slag for tredagarsskjegget, fordi jenter med fordel kan gje litt faen.

Livet er for kort til å stå på hovudet i dusjen når sola skin ute.

Les også: Då Dona (26) tok ei pause frå datinglivet tok ho fri frå barberhøvelen – den har ho ikkje plukka oppatt. No oppmodar ho jenter til å slutte å seie unnskyld om dei ikkje er ny-barberte før sex.

26 år gamle Dona Johannessen får mange spørsmål om kvifor ho ikkje barberer armholene. Foto: Privat