Greta Thunberg under Klimatoppmøtet til FN 2019. Foto: FN
Greta Thunberg vil ikkje ha Nordisk råds miljøpris
Greta Thunberg blei tildelt Nordisk råds miljøpris, men ho valde å ikkje ta imot prisen som ein protest mot manglande klimahandling.
Svein Olav B. Langåker
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Greta Thunberg nektar å ta imot Nordisk råds miljøpris
Miljøprisen blei delt ut av den svenske miljøaktivisten Noura Berrouba i Stockholm konserthus tysdag kveld.
Isabelle Axelsson og Sophia Axelsson frå FridaysForFuture representerte Greta Thunberg, og framførte bodskapen hennar frå scenen. Thunberg seier at miljøet ikkje treng fleire prisar.
Sjølv er Greta Thunberg på reise på det amerikanske kontinentet. Ho skal etter planen delta på klimaforhandlingane til FN i Chile i desember.
I ei melding på Instagram refsar Greta Thunberg blant anna Noreg for oljepolitikken vår. Ho viser til at Noreg nyleg har delt ut rekordmange lisensar for oljeleiting og opninga av Johan Sverdrup-feltet som skal produsera olje og gass i 50 år framover.
Temaet for årets pris var «initiativ som fremjar berekraftig forbruk og produksjon ved å gjera meir og betre med mindre», skriv Nordisk Råd om Miljøprisen sin.
Carlo Aall nominerte Greta Thunberg til miljøprisen til Nordisk Råd. Foto: Endre Hilleren / Vestlandsforsking
Carlo Aall frå Vestlandsforsking representerer Noreg i priskomitéen, og nominerte saman med svenskane Thunberg.
– Greta Thunberg har aktualisert kritikken av økonomisk vekst, og har nådd breitt ut med ein bodskap få har fronta sidan 1970-talet: Me må rett og slett akseptera kutt i forbruket vårt, seier han i ei pressemelding frå Vestlandsforsking.
Aall viser til at Time Magazine kåra Greta Thunberg til ein av verdas mest innflytelsesrike tenåringar i 2018. Når ho møter motstand og vaksne seier at det ikkje er noko poeng i å gjera noko – løpet er allereie køyrd, konstaterar ho: «Ein er aldri for liten til å gjera ein skilnad».
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.