Ida (19) og Susanne (17): – Ikkje kutt i grunnlaget til dei unge!

Ida Heggland og Susanne Sørli Slettebakken, Hordaland Ungdommens fylkesutval
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Førre veke kom den sjokkerande nyheita om at nye Vestland fylkeskommune går 490 millionar kroner i minus. Men det som er enda meir sjokkerande, er fylkesrådmannens forslag til kvar ein skal kutte i budsjettet, som går hardt ut over ungdom i fylket.

Hordaland ungdommens fylkesutval (UFU) er ungdommens talerøyr mellom ungdom og politikar i Hordaland.

Me ser at desse kutta vil føre til negative konsekvensar for ungdom i den nye fylkeskommunen, og håpar at politikarane ser behovet for å bevara stønadane som no står i fare.

Populær vaksine

Stønad til PC-ar til elevar i den vidaregåande skulen, skulepsykologar, skulefrukost og meningokokkvaksinar er på lista over ting ein skal kutte i.

Idéen om eit velferdssamfunn for alle blir svekka, ettersom dei ungdommane og familiane med allereie dårleg økonomi, kjem dårlegare ut.

Idéen om eit velferdssamfunn for alle blir svekka

Då innføringa av gratis vaksinering mot hjernehinnebetennelse blei innført, kunne ein sjå at interessa for sprøyta eksploderte.

Berre i Bergen kunne ein i 2018 sjå 1929 bestillingar av vaksina, mens i 2019, då sprøyta var gratis auka talet til over 4000 vaksiner. Ein ser at tiltaket fungerte, og fleire er no rusta mot hjernehinnebetennelse. Å fjerne tiltaket vil dermed vere eit stort tap dersom ein ynskjer at unge skal ta vaksina.

Prinsippet om gratis skule

PC-ar til elevar i den vidaregåande skulen er i dag minst like viktig som penn og papir. Presentasjonar, innleveringar og ikkje minst eksamen skal alle bli gjort på PC.

Det er då viktig at alle har mogelegheit til å skaffe seg ein godt brukande PC til å gjere dette på.

Ikkje alle har råd til å kjøpe seg ein PC til vidaregåande, det er ingen sjølvfølgje at alle klarer å leggje ut fleire tusen for å kunne møte krava som stillast på skulen om å ha ein brukbar PC.

Det vil difor vere ei stor byrde for dei som treng det, dersom det blir kutta i dette tilbodet. Prinsippet om gratis skule er eit prinsipp ein bør jobbe for å ivareta, ikkje svekkje.

Dyrare kollektivtransport

Kollektiv transporten blir også ramma i forsøk på å hente inn igjen nokre pengar. Enkeltbillettprisen er for eksempel tenkt å auke frå 38 til 39 kroner.

Me veit alle kor mykje kvar krone gjeld når ein studerer

For studentar er prisen den same som vaksenpris dersom ein ynskjer å kjøpe enkeltbillett, og me veit alle kor mykje kvar krone gjeld når ein studerer.

For oss er det viktig at billettprisane ikkje blir så høge at det heller “lønnar” seg å bli tatt i billettkontroll enn å kjøpe billett kvar gong ein tek bussen. Dersom ein ynskjer at dei skal kjøpe billett, er ikkje auking vegen å gå.

Me forstår at det må kuttast, men ikkje kutt i sektorane det er viktigast å investere i! Å investere i ungdom er å investere i framtida!

Éin av fire i distriktet ville brukt éin time lengre på kvardagsreisa om dei berre reiste med kollektivtransport, viser undersøking frå NAF. Illustrasjonsfoto: Pau Casals,  Unsplash.com