Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny studie frå finske Aalto University og britiske University of Cambridge visar at folk kan skriva nesten like fort på ein smarttelefon som på eit vanleg data-tastatur, det melder The Guardian. 

37 000 frivillige frå 160 land var med i studien. Dei fleste var kvinner i 20-åra og omlag halvparten var frå USA.

Det var Forskning.no som først omtalte saka i norske medium.

To tomlar er best

For å testa kor fort dei frivillige greide å skriva, fekk dei opp ulike setningar på telefonen og skulle skriva det same sjølv.

Studien viser også at ein teknikk er overlegen andre. Dei brukte éin finger, skreiv i snitt 29 ord per minutt. Dei som brukte to tomlar, skreiv i snitt 38 ord per minutt. Det er berre 25 prosent treigare enn ein gjennomsnittsbrukar på eit vanleg data-tastatur.

– Noko av det mest overraskande me fann ut, er at nokon kan skriva overraskande fort på smarttelefon, sa Anna Feit, ein av forskarane på studien, til The Guardian.

Ungdomane er kjappast

Ein av deltakarane som var med greide å skriva heile 85 ord i minuttet. Det er langt over dei 53 orda i minuttet ein gjennomsnittleg person skriv på eit vanleg data-tastatur.

Ungdomane som deltok i studien skreiv i snitt 40 ord i minuttet, og er dimed den aldersgruppa som skriv raskast på smarttelefon.

Dei deltakarane som er i 40- og 50-åra, skreiv høvesvis 29 og 26 ord per minutt.

Tipset frå dataforskar Feit er å bruka begge tomlar, skru på autokorrekt og bruka det mykje.

Vil du prøva deg sjølv? Her kan du testa kor fort du skriv, anten på mobil eller PC.

Spelutviklar og dagleg leiar i Sarepta Studio, Catharina Due Bøhler, har sjølvsagt ein avatar som vert brukt i jobbsamanheng. Foto: Privat