Mange unge gir andre tilgang til eigne passord i sosiale medium
Éin av tre 16-17-åringar gir andre tilgang til passorda sine i sosiale medium, viser ny undersøking. Det bekymrar Medietilsynet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Tala viser at det er behov for å snakke meir med barn og unge om sikkerheit på sosiale medium, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.
Saman med Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) har Medietilsynet undersøkt kva forhold unge har til deling av eigne passord i sosiale medium.
Av undersøkinga kjem det fram at 32 prosent av 16-17-åringane som har blitt spurt, har gitt andre tilgang det siste året. For dei over 18 år oppgir 16 prosent at dei har delt passordet sitt med andre.
Har du delt passorda dine i sosiale medium med andre?
Har du delt passorda dine i sosiale medium med andre?
Snapstreaks-jaget
Dei er først og fremst venner av ungdommane som har fått tilgang, og ei av årsakene blir oppgitt å vere at ungdommane vil halde oppe «streaks» på Snapchat. Streaks er tal på kor mange dagar ein har snappa saman i strekk, og ein kan samle trofé og emojiar som ei slags lønn for aktiviteten.
– Det er urovekkande at så mange delar passord når alle råd handlar om at ein ikkje skal gjere det. Vi bør undersøke ytterlegare kvifor det er slik. Det kan vere at teknologien er laga slik at det blir enklare å bryte råda enn å følgje dei. Det er klart det er freistande å dele passordet med ein kompis for å halde oppe streaken på Snap når du har brukt fleire år på å bygge han, seier seniorrådgivar Hans Marius Tessem i NorSIS.
Medietilsynet og NorSIS tilrår foreldre med barn å lære barnet å bruke ulike og unike passord på kvar teneste, og dessutan gjere dei meir bevisste på kva som bør delast og ikkje på nettet.
- Visste du at eit nytt lovforslag i USA vil avgrense tidsbruken til unge på sosiale medium? Desse funksjonane vert ulovelege dersom forslaget går igjennom.