Mange bygdeungdommar vil ikkje heim att

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei meiningsmåling seier fire av ti, som bur utanfor Sogn og Fjordane, at det er svært, eller litt usannsynleg at dei bur i heimfylket om fem år. To av ti er høgst usikre, viser ei spørjeundersøking Sentio har gjort for NRK og Fjordenes Tidende.

Forskar Gro Marit Grimsrud ved Norwegian Research Centre har sett på flyttemønster blant unge.

– I utkantstrøk er det opp mot 80 prosent av årskulla som flyttar ut. Då snakkar vi ikkje om dei som flyttar for å ta utdanning, men dei som registrerer utflytting, seier Grimsrud.

Les også: – Eg har liksom alltid tenkt at eg skal heimatt

Bidreg til befolkningsvekst i sentrale strøk

Tala frå meiningsmålinga er ikkje godt nytt for eit fylke der flyttepilene allereie peiker feil veg.

– Når dei unge flyttar ut frå bygda til byane, får dei barna i byane i staden for i bygdene, som bidreg til at befolkningsveksten skjer i sentrale strøk, seier forskar og demograf i Statistisk sentralbyrå Marianne Tønnesen.

I meiningsmålinga frå Sentio svarar om lag 21,3 prosent av dei spurde at dei trur det er svært sannsynleg at dei faktisk vil flytte heim.

Les også: Men livmora mi får du aldri