Wikipedia på nynorsk har passert 150.000 artiklar

Jubileumsartikkelen handlar om trekkfuglen brunkinnskogtrast, som berre er observert fire gongar i Noreg.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 16.10.2019 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dagleg leiar i Wikimedia Norge, Astrid Carlsen, synest det er flott at nynorsk Wikipedia har kome opp i 150.000 artiklar.

– Det er i alt over 300 språkversjonar av Wikipedia og for å nå Wikipedia sitt ambisiøse mål om å samla all verdas kunnskap, er det utruleg viktig at kunnskap blir delt på både små og store språk, seier ho til Framtida.no.

Nynorsk Wikipedia blei starta 31. juli 2004, og første artikkel handla om øya SekkenI 2013 passerte den nynorske delen av Wikipedia 100.000 artiklar med ein artikkel om den ungarske songaren ByeAlex.

160 aktive bidragsytarar

Ifølgje statistikksida til nynorsk Wikipedia er det nær 100.000 registrerte brukarar, men berre kring 160 som bidreg aktivt rett no.

Ranveig Thattai er ein av dei frivillige som har med sidan starten på Wikipedia på nynorsk. Foto: privat

Ranveig Thattai er éi av dei frivillige som har vore med heilt sidan starten.

– Eg skriv på Wikipedia fordi eg synest det er kjekt å setja meg inn i og skriva om ulike emne, skriv Thattai i ein epost til Framtida.no.

Ho bur i Nord-England, og synest arbeidet med Wikipedia er nyttig for å halda nynorsken hennar ved like, sidan ho ikkje alltid bruker norsk til dagleg.

– Det hjelper meg til og med til å bli betre, sidan andre hjelper til ved å retta feil, legg ho til.

KOMMENTAR: Den digitale opplysingstida

– Det viktigaste er å forbetra innhaldet

Sjølv har Ranveig Thattai gjort 142.516 endringar, store og små, og oppretta 5570 sider sidan juli 2015, som er så langt som statistikken går no.

– Er det nokre område der Nynorsk Wikipedia er betre enn dei andre skandinaviske språka?

– Eg veit at Nynorsk Wikipedia har ganske omfattande artiklar om moderne musikkhistorie, som utviklinga og opphavet til rock. Me har også mange gode fugleartiklar, skriv Thattai.

Artikkel nummer 150.000 handlar passande nok om brunkinnskogtrast.

– Det viktigaste for oss på Nynorsk Wikipedia er å forbetra innhaldet der. Alle som prøver på det er velkomne, avsluttar Ranveig Thattai.

Skreiv artikkel nummer 150.000

Roar Johansen er mannen bak mange av fugleartiklane på Nynorsk Wikipedia, og skreiv artikkel nummer 150.000.

– Målsetjinga for mi er å bidra til at Wikipedia på nynorsk blir det beste oppslagsverket om fuglar på norsk, og Wikipedia på nynorsk totalt sett verdas beste leksikon på nynorsk. Utover det er motivasjonen min for å bruka tid til dette eiga læring, skriv han til Framtida.no på epost.

– Kva likar du best å skriva om?

– Tema innanfor fritidsinteresser, der eg har trong til å utvida eigen kunnskap. Leksikonartiklar er ofte konsentrert,  faktabasert informasjon, systematisert etter nokså faste oppsett og mønster: Samla inn fakta og opplysingar frå truverdige kjelder, så vurdera, trekka ut og komponera teksten til ein heilskap som held mål etter kriteria for artiklar i dette prosjektet. I det å samla inn stoff inngår òg å gjenbruka og omsetja stoff som er lisensiert for gjenbruk, kreditert slik at det ikkje blir plagiat. Samla sett ei øving i systematikk.

LES OGSÅ: Dei norskspråklege Wikipedia-sidene heiter no «norsk» og «norsk nynorsk». Problematisk, meiner både bokmål- og nynorskbrukarar. Wikipedia får kritikk: – Får nynorsk til å framstå som noko mindreverdig

Wikipedia

Tidlegare blei målformene heldt adskilt med å namngje språkkodane som “norsk bokmål” og “norsk nynorsk”. Endringa skal ha blitt gjort i august i år. Foto: Skjermdump