– Wikipedia får nynorsk til å framstå som noko mindreverdig

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du lagt merke til denne endringa på Wikipedia?

– Det er problematisk at nynorsk blir framstilt som noko anna enn norsk. Det gir også dårleg grobotn for nynorsken, seier nynorskbrukar Ørjan Zazzera Johansen.

– Wikipedia har alltid slått seg på brystet for å vera demokratiske. Dette er udemokratisk, meiningslaust og forvirrande. Alle veit jo at det er to målformer på norsk. Det kan opplevast forvirrande for til dømes våre nye landsmenn.

Ørjan Zazzera Johansen

Ørjan Zazzera Johansen. Foto: Garborgsenteret

Simon Hansen, filmvitar og nynorskbrukar, er einig.

– Eg trur dei fleste nynorskbrukarane gnissar litt med tennene når nokon seier «norsk og nynorsk» når dei meiner «bokmål og nynorsk». Og no skjer det kvar gong me slår opp ein artikkel på Wikipedia, seier han.

Tekniske utfordringar

Tastar du inn nettadressa nb.wikipedia.org vil du kome inn på Wikipedias bokmålside. Prefikset «nb» står for norsk bokmål. Skriv du heller prefikset «nn» vil du bli tatt til den nynorske Wikipedia-sida. På sidemenyen på sida blir denne skilnaden vist som «norsk» og «norsk nynorsk» (sjå bilete). Slik har det ikkje alltid vore.

Tidlegare blei målformene heldt fråskilt med å namngje språkkodane som «norsk bokmål» og «norsk nynorsk».  Endringa skal ha blitt gjort i august i år.

– Dei som er for endringa argumenterer berre med det tekniske, at språkkoden «no» (prefikset for norsk, journ.anm) ikkje er «nb». Men dei ser ikkje – eller vil ikkje sjå, kva ei slik endring signaliserar til sluttbrukaren, meiner Hansen.

Han er ein av fleire som har reagert på Twitter:

https://twitter.com/SimonBoba/status/902839893600198656

Wikipedia-bidragsytarar ueinig med endring

Dei nylege endringane har ført til fleire diskusjonar blant Wikipedia-brukarar. Nokon har oppretta såkalla trådar på nettstaden Phabricator, ein plattform for software-utviklarar.

– Ved å namngi bokmål-linkar som berre «norsk», impliserar me at bokmål er ein meir skikka norsk enn nynorsk. Bokmålmiljøet hos Wikipedia er ueinig med denne endringa, og me antar at nynorskmiljøet også er det, skriv ein brukar.

– Denne problematikken er skadeleg for Wikipedia-miljøet i Noreg … Målform er eit sensitivt tema i Noreg, og me kan ikkje leve med at det som no blir implisert, at bokmål representerar alle norske språk, skriv ein annan.

Håpar på ei løysing som sikrar sidestilling

Framtida.no tok kontakt med Wikipedia.org, og blei vist vidare til ein av Wikipedias støtteorganisasjonar i Noreg, Wikimedia.no.

Dagleg leiar i Wikimedia.no, Astrid Carlsen, seier det er unikt at eit lite land som Noreg har Wikipedia-sider på tre ulike språk; nord-samisk, bokmål og nynorsk.

– Dette har vært heftig diskutert på diskusjonssider på Wikipedia. Og det er argument knytte til saka som både er tekniske og språkrelaterte. Me håpar at ein finn ei god løysing, både språkleg og teknisk, på bruken av prefiks for dei ulike Wikipediane som kan sikre sidestilling, skriv Carlsen i ein epost.

Ho påpeiker at Wikimedia ikkje har noko redaksjonell innflyting på innhald, eller styrer tekniske val på Wikipedia.