Nynorsk Wikipedia i 100.000

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Oppslagsverk er språket sine grunnmurar. Tilgjengeleg kunnskap på eige språk er avgjerande for å halde på språket. Nynorsk Wikipedia gjer det lettare å vere nynorskbrukar. På vegner av unge og eldre, elevar og nyfikne, skrivande og søkjande: Hundre tusen takk! seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding i samband med at den magiske grensa er passert.

Styreleiar i Wikimedia Noreg, Jon Harald Søby, gratulerer bidragsytarane til Wikipedia på nynorsk med å runda 100.000 artiklar. Han skriv at dette er ein milestein ikkje berre for Wikipedia i Noreg, men òg for utbreiinga og bruken av nynorsk på verdsveven i det heile.

Artikkel nummer 100.000 blei ein artikkel om Melodi Grand Prix-deltakaren ByeAlex frå Ungarn.

LES OGSÅ: Frode har starta over 28000 artiklar

Blant dei største i verda
Nynorsk Wikipedia er den største nynorske tekstprodusenten på nett, og den 45. største Wikipedia-utgåva blant alle språka leksikonet blir laga på. Kvar månad er det meir enn åtte millionar oppslag mot Nynorsk Wikipedia, og det er verdt å merke seg at det er meir enn dobbelt så mange oppslag mot den nynorske utgåva av Wikipedia som mot islandsk.

Sidan skipinga i juli 2004, har nynorsk Wikipedia vakse seg til ein velbrukt nynorsk nettstad som driv allmennopplysing. Oppslagsverket er dermed i ferd med å oppfylla Soria Moria-lovnaden frå 2005 om eit nynorsk nettleksikon, berre takk vere frivillige bidrag og gåver.

LES OGSÅ: Her er verdas beste Wiki-foto

Kunnskapsministeren gratulerer
– Når nynorsk Wikipedia no rundar 100.000 artiklar viser det vitaliteten i det nynorske språket og at dugnaden enno står sterkt i Noreg. Vi stiller oss i rekka av gratulantar, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i ei pressemelding.

Etter at nynorskrettskrivinga av 2012 blei gjeldande 1. august i fjor, har nynorsk Wikipedia oppdatert dei eldre artiklane til den gjeldande rettskrivinga. Nettleksikonet vil på denne måten vera eit nyttig verktøy også for å læra seg den nye rettskrivinga. Nynorsk Wikipedia markerer dessutan språkåret med å lenkje til eit nytt språk på framsida kvar dag i 2013.

KOMMENTAR: Den digitale opplysingstida

Treng meir hjelp
Nynorsk Wikipedia er truleg det beste verket om meteorologi og jordbruksmaskiner på norsk. Det er likevel mykje som står att før nynorsk Wikipedia kan nå opp til dei krava lesarane set. Til dømes bør helsefagleg personell kvalitetssikre artiklar på nettleksikonet sidan nokre av dei mest lesne artiklane er relatert til anatomi og sjukdomar, heiter det i pressemeldinga frå Wikipedia.

Wikimedia Noreg er ein organisasjon som støttar Wikipedia-arbeid i Noreg. I desse dagar er dei i ferd med å tilsetja to medarbeidarar, med støtte frå Wikimedia Foundation i USA. Dette vil på sikt gjera organisasjonen i stand til å utføra prosjekt for å betre kvaliteten på nettleksikonet.

Nynorsk Wikipedia vurderer også å be om løyvingar frå styresmaktene i Noreg for å gjennomføra slike prosjekt.