Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

5 råd for vaksne – og 5 råd til barn og unge om god debattkultur

Torsdag skreiv Framtida.no om hetsen tidlegare AUF-leiar Mani Hussaini og Saida Begum, ordførarkandidat for Oslo Høgre, har møtt på som unge politikarar.

I Medieundersøkelsen 2018 kjem det fram at blant unge melom 16 og 25 år, svarar 64 prosent at dei aldri deltek i nettdebattar. Berre ni prosent svarar at dei deltek to eller fleire gonger i månaden. 21 prosent i same aldersgruppe svarar at dei har blitt utsett for personleg hets på sosiale medium.

LES OGSÅ: Ali Hamza (18) vurderte å slutta å engasjera seg på grunn av netthets

#Siifra

No lanserer Stortinget, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) og ungdomspartia eit nytt initiativ for å gjera det lettare for unge å ytra seg.

– Det skal vera trygt å sei ifrå, og det skal vera gøy for dei unge, ikkje skummelt, seier stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen i ei pressemelding.

Dei har laga ein guide som kan hjelpa både unge og vaksne når dei ytrar seg. Her er det døme ulike tilsvar til eit lesarinnlegg frå ei ung jente, i tillegg til konkrete tips når ein går inn i debatt.

Trøen er glad for at ungdomspartia har delt sine erfaringer og vært med på å forma initiativet.

– I dette arbeidet har eg lært at dei erfaringa til dei unge diverre viser at me vaksne er dei verste til å forsøka å stoppa unge engasjerte med andre metodar enn sakleg argumentasjon, sier Trøen.

LES OGSÅ: Amnesty vil straffe dei som spreier hat på nett

Guide til debattering

I guiden er det fem tips til unge som vil seia si meining, fem tips til vaksne om korleis ein skal møta unge sine ytringar slik at dei vil halda fram å delta i debatten. I tillegg er det råd om korleis ein kan vera usamd, korleis ein møter personkritikk, karakteristikkar eller truslar.

– Målet er at både barn og vaksne skal få kjørereglar for eit godt ordskifte fritt for sjikane, hets eller skitne triks, seier Trøen.

Initiativet har fått namnet #Siifra – og oppmodar til å delta og støtta dei som opplever å bli behandla på ein dårleg måte.

Presidentskapet på Stortinget står saman om dette for å styrka demokratiet, og Trøen poengterer at det ikkje handlar om at ein skal slutta å vera usamd.

– Usemje er viktig, så lenge meiningsutvekslinga føregår på ein god måte.

Les guiden her.

5 RÅD TIL UNGE SOM LURAR PÅ OM DEI SKAL ENGASJERE SEG
1. Det er gøy å jobba for noko du brenn for! Seier du meininga di, blir du også lytta til og sjansen er større for at du kan påverka saken positivt. Demokratiet vårt treng ulike meiningar.

2. Engasjert i ei sak? Då er det smart å setta seg inn i kva ho handlar
om. Kanskje finst det ein organisasjon, eit lag eller ei forening du kan
søka råd hos eller delta i?

3. Nokon kjem til å vera ueinig med deg, og det er lov. Prøv gjerne meningane
dine på ein du kjenner, for å vera betre førebudd på mogleg kritikk.

4. At alle har lov til å seie si meining, betyr ikkje at ein har lov til å seie
akkurat kva ein vil til kvarandre. Om du får tilbakemeldingar
som kjennest slemme, ubehagelege eller skremmande bør du sei ifrå til
ein vaksen (ein du stolar på som kan gi deg råd). Om du opplever
truslar eller alvorleg hatprat kan du også sei ifrå til politiet.

5. Nokon brukar mange triks når dei diskuterer. Lær deg å kjenna igjen
triksa slik at du ikkje blir lei deg og tar dei personleg. Triksa er
berre eit forsøk på å vippa deg av pinnen.

5 RÅD TIL VAKSNE OM KORLEIS DEI SKAL MØTA BARN OG
UNGE SITT ENGASJEMENT
1. Husk at barn er barn. Aldersforskjellen fører til ei skeiv maktbalanse mellom barn og vaksen. Som vaksen er det alltid ditt ansvar å oppføra deg.

2. Om du kommenterer på nett eller gjennom avisspaltene – ta ansiktssjekken. Ville du ha sagt det same om barnet sto rett framfor deg og fortalde kva han eller ho meinte?

3. Bruk ytringsfridomen din til å skapa ein god debatt for alle, i alle aldrar.
Ikkje ta ytringsfridomen for gitt og ikkje bruk den til å stilna andre sine
stemmer. Støtt opp om engasjement. Du treng ikkje vera samd for å gi
eit barn dei beste forutsetningane for å få ei god oppleving som fersk samfunnsdebattant. Ver gjerne ein som heiar, sjølv om du er usamd – #Siifra.

4. Ver ein kvardagshelt og #Siifra når nokon seier noko eller kommenterer på
ein uakseptabel måte – spesielt dersom det rammar barn og unge. Meld
ifrå om nokon kjem med truslar eller sjikane – spesielt mot barn.

5. Ta dei unge på alvor. Det er lett å falla i «du er så flink som er så engasjert»-fella. Sjølv om du som vaksen har eit ekstra ansvar for at barn og unge sine debattopplevingar er gode, er det viktig å passa på at ein ikkje blir ufrivilleg nedlatande. Hugs at barn og unge har meiningar og perspektiv som er minst like gode og viktige som vaksne sine.

LES OGSÅ: Slik møter du nedsetjande ytringar på nett