Opprop mot barneekteskap i Tanzania

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vart gift som 15 åring - ungdom krev lovendring

– Eg fødde mitt første barn då eg var 16 år, men barnet døydde. Kroppen min var ikkje klar for fødselen, seier Joyce som no er 25 år til Plan-International.

Joyce er frå Tanzania. Ho vart gift då ho var 15, med ein mann som var dobbelt så gammal. Ho fekk ikkje tatt vidaregåande utdanning, og tenker med anger på det, for ho ville gjerne vore sjukepleiar eller lærar.

– Om døtrene mine ikkje får gå på vidaregåande, ønsker eg at dei finne noko å gjere i staden for å bli gifte. Eg vil at barna mine skal ha gode liv, seier ho.

Lovendring var på veg

I dag kan jenter i Tanzania gifte seg berre 14 år gamle, med samtykke frå foreldre. Gutar må vere 18 år. I 2016 slo høgsterett fast at ekteskap med barn under 18 år strir mot grunnlova, og kravde lovendring.

No er den pålagde lovendringa anka. Ungdomsgruppa Youth 4 Change i Tanzania jobbar hardt for å få hindre anken å gå gjennom. Plan Norge og Plan Ungdom støttar dei i arbeidet.

– Det er ein menneskerett å få ha barndommen sin, seier Ragna Engseth.

Madelen Howard, Anine Schwarz, Elias Fridal Trones, Ragna Marie Engseth og Adrien S. Lenerand. Foto: Plan Norge

Ho er ei av dei som kallar seg wedding-busters i Plan Ungdom. Framtida.no skreiv om i haust om den norske kampanjen som samla inn 9000 underskrifter for å endre norsk lov om barneekteskap.

Barne- og likestillingsdepartementet har nyleg sendt frå seg eit framlegg til lovendring som no er til handsaming i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

– Det er veldig bra at vi får orden på den lova no. Vi må feie for eiga dør, og tette dette smuttholet i lova, før vi kan begynne å påverke andre land, seier Madelen Howard.

Opprop for lovendring

Men dei er allereie i gang med å prøve å påverke. Youth 4 Change i Tanzania har bedt om hjelp.

– Dei har spurt om underskrifter som vi hjelper til med å samle inn, seier Anine Schwarz.

Plan sine wedding-busters har eigne nettsider, og har starta eit opprop for å halde på lovendringa i Tanzania.

– Vi jobbar for å komme nærare målet om ei verd utan barneekteskap, seier Engseth.