UNICEF: Utdanning gjer at færre jenter vert gifta vekk

Ein ny rapport om barneekteskap viser at utdanning gjer at fleire unge jenter slepp å gifte seg som barn.

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éi av fem jenter i verda giftar seg før dei fyller 18 år. For ti år sidan var det éi av fire jenter gifta seg som barn.

I dag er det 27 prosent av jentene, cirka 1,5 millionar, som giftar seg før dei fyller 18 år i India. Det er ein kraftig nedgang frå 47 prosent for ti år siden, seier Javier Aguilar, leiar for barnevern hos Unicef, til TT.

LES OGSÅ: Regjeringa vil ha totalforbod mot barneekteskap i Noreg

Gode nyhende

Betre utdanning for jenter, og meir informasjon om kva skadar ekteskap i barndommen gir, har ført til denne nedgangen.

Ifølgje FN var problema aller størst i Afrika, og no viser rapporten at talet på barneekteskap har gått ned med ein tredjedel i Etiopia.

Les også den sterke historia om løgna som redda Rachana frå å bli barnebrud!