Barneekteskap: Eit liv i glashus

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten kvart andre sekund blir ei mindreårig jente gifta bort. Det er det same som 12 millionar jenter kvart einaste år. Når ei jente blir gifta bort mistar ho som oftast tilgangen til utdanning, jobb og fridom.

Dei fleste barneekteskap finn stad i utviklingsland. Der er jentene ofte nedprioritert og ikkje like mykje verdt som gutane. Jentene har frå dei var svært unge visst kor mykje pengar dei er verdt for foreldrane sine. Det er så feil!

Nesten kvart andre sekund blir ei mindreårig jente gifta bort

Etter at dei er gift opplever mange av jentene stor sosial isolasjon. Dei får ikkje lov til å gå ut på eiga hand, og vald og overgrep frå ektefellen er ikkje uvanleg. Dette er heilt forferdeleg.

Mange av dei ynskjer å flykte frå ektemannen. Men sidan dei er jenter, vil dei bli sett på som ei skam ovanfor familien dersom dei flyktar. Dersom dei klarer å flykte har dei eit farleg liv i vente. Berre i India døyr kvar dag 20 kvinner som følgje av vald frå ektefellen.

Jentene lever i eit glashus. Dei kan sjå fridommen til ektefellen, men ikkje ta del i han sjølv. Dei veks opp i undertrykking, og vidare til et liv kor det ikkje finst moglegheiter og ambisjonar. Vi i Noreg må stå solidariske i kampen mot barneekteskap, for saman kan vi gjere ein forskjell.

Kva hadde du tenkt om du måtte bli gifta bort?

Les også om korleis Sonita (16) og Rachana (22) unngjekk tvangsekteskap!