Noreg forbyr barneekteskap: – Ein milepæl
Fleire tusen norske ungdommar protesterte sist haust med Plan mot at 16- og 17-åringar kan få gifta seg i Noreg. Tysdag vedtok Stortinget å innføra ei absolutt 18-årsgrense for ekteskap – utan unntak.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er ein milepæl for alle i Noreg som engasjerer seg i den globale kampen mot barneekteskap. No kan Noreg med større truverd bidra internasjonalt for å få slutt på at 12 millionar mindreårige jenter i verda vert gifta kvart år, seier kommunikasjonssjef Siv Meisingseth i Plan International Norge i ei pressemelding.
Over 700 millionar jenter og kvinner som lever i dag, vart gift medan dei var barn. I utviklingsland giftar kvar tredje jente seg før ho fyllar 18 år. FNs berekraftsmål slår fast at verda skal få slutt på barneekteskap innan 2030.
Noreg er eit av mange land som dei siste åra har gjort barneekteskap forbode. I fjor innførde land som Malawi, Den dominikanske republikk, Honduras, El Salvador, Guatemala og Danmark absolutt 18-årsgrense for å gifta seg.
Tydeleg lovendring
Den nye ekteskapsloven seier at «Ein som er under 18 år, ikkje kan inngå ekteskap». Loven seier òg at kvar av ektefellane kan krevja ekteskapet oppløyst dersom det er inngått i strid med aldersavgjerda. I vedtaket ber Stortinget samstundes at regjeringa greier ut ei lovfesta nedre aldersgrense for å anerkjenne ekteskap inngått i utlandet, medrekna ein 18-årsgrense.
– Den nye ekteskapsloven slår tydeleg fast at barneekteskap er forbode. Samstundes sender Noreg eit signal om at alle barneekteskap, uansett kor i verda dei skjer, er uakseptable. Det støttar Plan fullt ut, seier Meisingseth.
Avgjerande med ungdomsengasjement
I september 2017 sende over 9.400 ungdomar i Noreg protestbrev til fylkesmennene i landet mot at barneekteskap var mogleg i Noreg. Agnes Nordvik (15) er ein av mange i ungdomsrørsla «Wedding Busters» som har engasjert seg for å endra norsk ekteskapslov:
– Vi kan ikkje krevja av andre land det vi ikkje krev av oss sjølv. Skal vi få heilt slutt på barneekteskap i verda, må praksisen forbydast i alle land, òg i Noreg, seier Nordvik.
– Det er viktig at vi no får 18-årsgrense for ekteskap i Noreg, men dette er òg berre starten på eit større og viktigare arbeid. No håpar eg at politikarane i Noreg kan forplikta seg til å bidra meir i den globale kampen mot barneekteskap. Å avskaffa barneekteskap i heile verda er ein maraton, og vi har så vidt starta, seier Eivind Elverum (17), ein av ungdomane som sende brev til fylkesmannen sin. Både Agnes og Eivind har i tillegg verv som juniorrådgjevarar i URO (ungdomsorganisasjonen til Plan International Norge).
– Barn og unge er nøkkelen til endring. At fleir land dei siste åra har innført forbod mot barneekteskap, hadde ikkje skjedd utan deira engasjement og innsats, seier Meisingseth i Plan.