Haukeland skal behandle psykose med VR-teknologi

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv NRK.

Ungdom med psykose kan unngå eller misforstå sosiale situasjonar, og mistar ofte trua på at dei taklar å vere saman med andre. For å få bukt med dette skal dei unge pasientane ta på VR-briller og bli tatt med inn i ei kunstig verd der dei møter andre personar.

– Det er terapeuten som spelar rolla som personen pasienten møter. Brillene gjer det mogleg å trene på sosiale situasjonar utan å vere fysisk til stades, seier klinisk barnevernspedagog og spesialist i barn og unges psykiske helse Guri Elise Holgersen til statskanalen.

Planen er at behandlingsopplegget skal vere klart innan november, og bli tatt i bruk i starten av 2020.

Torkel Eikevik var med i andre sesong av NRK-serien «Jeg mot meg». Foto: NRK