Saknar satsing på seksualitetsundervising i statsbudsjettet

Sex og Politikk meiner regjeringa ikkje leverer på lovnadane frå Granavolderklæringa.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tor-Hugne Olsen er dagleg leiar i organisasjonen Sex og Politikk. Foto: Sex og Politikk.

– Mangelen på satsing på seksualitetsundervising er skuffande, når det var så tydeleg i Granavolderklæringa.

Det seier Tor-Hugne Olsen, dagleg leiar i organisasjonen Sex og Politikk, i ei pressemelding.

I Granavoldplattforma gjekk regjeringa inn for mellom anna å «betre seksualundervisninga i grunnskulen og vektleggje grensesetjing og respekt for eigne og andre sine grenser» og at ein skal «ha seksualitet og grensesetjing som tema i barnehagane».

Sex og Politikk hadde forventa at statsbudsjettet løyvde pengar til å satse på seksualitetsundervising slik regjeringsplattforma la opp til, men er ikkje overtydde av forslaget som vart lagt fram måndag.

– Noreg må satse sterkare på førebyggjande og heilskaplege tiltak innan utdanning og helse, seier Olsen.

Brubyggjar mellom tiltaka

Sex og politikk meiner statsbudsjettet har fleire gode tiltak – både for å motverke vald, trakassering og mobbing – men understreker at ei betra seksualitetsundervising er brubyggjaren mellom dei ulike tiltaka og prioriteringane i departementet:

– Seksualitetsundervising bidreg til livsmeistringsferdigheiter hjå barn og unge, fremjar ein positiv seksualitet og er eit breitt førebyggjande tiltak. Det er synd at regjeringa let høve få frå seg til ein slik heilskapeleg innsats, seier dagleg leiar Tor-Hugne Olsen.

Organisasjonen ber regjeringa sjå til Sverige for inspirasjon til ei synleg og eksplisitt satsing. Hjå nabolandet er seksualitetsundervising ein eigen post i statsbudsjettet, og i fjor var tilskotsauken åleine større enn den totale løyvinga her i Noreg.

Prosjektleiar i Unge funksjonshemmede, Anette Remme, er èin av tre nominerte til Skamløsprisen 2019.