Ida Johanne Aadland
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Viss du fekk valet mellom å leve på ei frisk jord med fuglar, folk og fred. Ei jord der vi delte med kvarandre. Eller: å leve på ein planet at lufta er så tett at den er hard å puste i, der nokon har alt, medan andre har nesten ingenting. Kva ville du valt?

Det er Penelope Lea som spør. 14-åringen som har vore klimaaktivist sidan ho var åtte, var den yngste vinnaren av frivillighetsprisen nokon gong og er kjent frå sine mange sterke appellar i miljøsamanheng.

Les også Penelope sine beste tips til andre som vil engasjere seg: – Det er veldig viktig å vere engasjert, for brennande engasjement smittar!

Plast, våpeneksport og skatteparadis

Denne gongen er ho «Plast-Penelope» som reiser til Trøndelag for å forstå kor omfattande plastproblematikken er. Tysdag 2. april kom alle seks episodane i Youtube-serien «Mission impact».

Produsentane bak webserien er Hacienda Film og Differ Media, som også står bak blant anna den kjente Thank you for the rain og dokumentaren frå Bygdepride. Serien er laga i samarbeid med Forum for utvikling og miljø, med eit mål om å skape engasjement rundt berekraftmåla til FN.

Bloggar Victoria Frostmann Skau (20) og Kim Mateo (27) fyller dei andre to hovudrollene i den nye webserien. Gjennom seks episodar tek dei fatt på tre av dei største ufordringane på kloden: plast, våpeneksport og skatteparadis.

Les meir om Penelope sitt brennande engasjement for klima her: – Eg er litt nervøs, men så tenker eg at det er veldig viktig det eg gjer, og at det trengst

Når verdas største selskap ikkje betaler skatt

Kvifor er det slik at nokre av dei største selskapa i verda, Facebook, Google og Apple, nesten ikkje betalar skatt?

Kim som til vanleg trivast best med Jackass-stunts, blir sendt over dammen for å ta fatt på skatteparadisa. USA er nemleg eit av landa med størst økonomiske forskjellar, noko Kim kjenner på kroppen når han bestemmer seg for å leve som heimlaus nokre netter.

– USA verkar som eit sjukt urettferdig samfunn. Hamnar du på utsida er du «fucked». Det eg lurar på, er kvifor det er slik i eit av verdas rikaste land. Kor faen er det alle pengane blir av? spør han seg i ein av episodane.

Foto: Skjermdump frå Mission Impact

Sterke møte i Hellas

Kvar dag døyr seks båtflyktningar på vegen over havet til Europa. Kvifor? Det er ulike grunnar, men kan ein av dei vere at Norge sel våpen til krigsherja land? Serien konkretiserer det masse diskuterte temaet, og sender Victoria til Moria flyktningleir på Lesvos i Hellas for å finne svar.

– Korleis kan de vere ein fredsnasjon og selge våpen? Det gjev ikkje meining, spør Sam og Awsham, to av mennene som bur i leiren.

– Eg visste ikkje det heller, svarar Viktoria som ikkje visste at Norge sel krigsmateriell til fleire av landa i konflikten i Jemen og at oljefondet har investert i bomber som har drepe sivile i Jemen, før ho fekk utdelt sitt «mission».

– Min jobb er å engasjere norsk ungdom, sånn at dei også forstår. For ingen veit, seier ho vidare.

Les meir om norsk våpeneksport her: Noreg med ny rekord i våpeneksport: – Vi tener på at verda rustar opp

Ueinige kritikarar

Film- og musikknettstaden 730.no trillar fem på terningen og kallar serien den viktigaste norske nettserien i år, medan musikkmagasinet Gaffa tykkte det vart litt mykje misjonering og litt for lite impact.

Sjølv om serien tek føre seg alvorlege utfordringar, piffar Kim opp både stemninga og aktivismen med sine mange sprell. Foto: Hacienda Film og Differ Media