Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdens Beste Nyheter er lei av at nordmenn ikkje veit korleis det eigentleg står til i verda.

Kampanjen har som mål å vere ei motvekt til det negative mediefokuset – å framheve at det skjer store og små framskritt over heile verda, og desse må ikkje drukne i mylderet av kriser.

For nordmenn har for dårleg oversikt over global utvikling, som VG meldte for nokre månadar sidan.

Difor lanserer Verdens beste nyheter no eit spel om FN sine 17 berekraftsmål som skal sørgje for å auke kunnskapsnivået i det ganske land.

Les om FN sine 17 berekraftsmål her! 

I den samanheng har Framtida fått løyve til å tjuvstarte, så her er ei smakeprøve på kva de kan vente av spelet.

 

Ta quizen her:

Resultat:  

Vurdering:  

 

Eit meir opplyst folk

Spelet består av 60 spørsmål som omhandlar alt frå fattigdom og klimaendringar til framskritt innan helsesektoren.

– Slik håpar vi at Noreg si befolkning ynskjer å få auka kunnskap om og kjennskap til globale prosessar, utviklingssamarbeid og kva vi saman kan gjere for å nå berekraftmåla innan 2030, skriv kampanjen i ei pressemelding.

Den offisielle lanseringa finn stad måndag 29. oktober på Dattera til Hagen, frå kl. 19 til 21.

Utviklingsminister Nikolai Astrup skal stå for opninga, og vil også svare på spørsmål. Veit han kor mange born kvinner fekk i gjennomsnitt i 1960?

bezzerwizzer, verdens beste nyheter, berekraft, spel

Det følgjer også med ei kategori-brikke slik at denne utgåva kan brukast som ei utviding av det originale Bezzerwizzer-spelet.

Les også: God nyheit: Verda er ikkje så aller verst