«Å snakke med Penelope på fjorten år, tente eit håp i meg»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Penelope Lea hadde nettopp halde ein appell for miljøet framfor fleire titals, kanskje fleire hundre miljøforkjemparar utanfor Stortinget.

Ho hadde engasjert seg for miljøsaka sidan ho var åtte år, og no var ho nominert til Frivilligprisen. Ein pris ho vann nokre veker seinare.

Om lag på same tid som ho vann prisen, deltok ho på Klimatoppmøtet i Polen saman med dei sju andre i Barnas Klimapanel, og ei stor forsamling vaksne.

Det var fleire veker sidan FN hadde presentert sine harde fakta om at vi stod i fare for å varme opp kloda vår for mykje før det var for seint. At om gradestokken kraup opp nokre få hakk til, så var det krise. Skikkeleg krise. Og eg spurte Penelope Lea, kanskje litt uroa for svaret, om det var håp.

– Ja! Det trur eg. Vi må jo berre tru det er håp. Ellers går det iallfall ikkje. Og kvar gong eg møter menneske som er engasjerte i noko og brenn for noko så er det eit håp i meg som blir tent. For vi er jo så mange, svarte 14-åringen.

Og så fortalte ho om da ho var åtte år, og byrja å engasjere seg fordi ho såg så mange andre rundt seg som var engasjerte i noko.

– Alle som brenn for noko, det syner i ansiktet på ein, og eg trur det smittar, sa ho.

Og det var nettopp sånn det var. Å snakke med Penelope på fjorten år, tente eit håp i meg. Eg kjente at ho smitta meg litt, med engasjementet og håpet sitt. Eg merka at det var heilt ekte.

Å snakke med Penelope på fjorten år, tente eit håp i meg. Eg kjente at ho smitta meg litt, med engasjementet og håpet sitt.

Eg trur ho smitta miljøforkjemparane som sto og høyrde på henne utanfor Stortinget den dagen òg. Kanskje til og med Olje- og energiministeren. Iallfall litt. Han stod jo berre nokre meter unna da ho tala.

Kanskje du òg har ein person som har smitta deg med engasjementet sitt? Sidan klimatoppmøtet gjekk av stabelen i Polen, er det ei anna jente som har fått mykje merksemd. Ho heiter Greta Thunberg og er femten år.

– Det første eg har lært er at du aldri er for liten til å gjere ein skilnad. (…) Dersom nokre få barn kan få overskrifter verda over berre ved å ikkje gå på skulen, tenk berre på kva me kunne gjort saman om me verkeleg ville, sa femten år gamle Greta Thunberg på upåklageleg engelsk frå talarstolen under klimatoppmøtet. Det eine minuttet ho fekk tildelt, sette ho dei vaksne politikarane solid på plass. Videoopptaket av talen har i ettertid vorte sett av tusentals.

– De er ikkje modne nok til å seie det som det er, sjølv den byrda overlet de til oss born. (…) Vår sivilasjon blir ofra for at ei veldig lita gruppe folk skal kunne fortsetja å tene enorme pengesummar, sa ho frå talarstolen.

Ein standhaftig skolestreik for miljøet i over to veker framfor det svenske Riksdagen var det første som gjorde folk flest merksame på Thunberg. Streiken hennar utløyste fleire hundretals liknande skolestreikar i andre land. Streiken hennar resulterte òg i at Arnold Schwarzenegger inviterte henne til det årlege klimatoppmøtet i Wien neste år.

Da dei åtte medlemmane i Barnas Klimapanel var med i Polen under klimaforhandlingane, fekk dei snakka både med FNs Klimapanel og energi- og miljøkomiteen frå Stortinget.

Men dei jobba òg for å komme nærmare å stifte eit internasjonalt Barnas Klimapanel. Dei møtte både andre skoleungdommar på møtet, og besøkte ein internasjonal skole i Katowice, som ifølge dei sjølve var entusiastiske til idéen.

Det er mange av dei, smitteberarane. Og ei einaste eldsjel som brenn så ein kan sjå det i ansiktet, er nok til å smitte fleire. Dei har verkeleg tru på at det går an å få til ei endring på vår blå litt vel varme planet, og minner andre unge og vaksne om at det er mogleg å gjere ei endring.

– Eg skjønte at eg ikkje kunne vente med å gjere ein innsats til eg vart vaksen. (…) Eg vil ha ein fin arv når eg blir vaksen òg, sa Penelope Lea.

Og om du som les, skulle spurt meg som skriv dette, om det er håp?

– Ja! Det trur eg. Vi må jo berre tru det er håp. Elles går det iallfall ikkje. Når eg møter unge menneske som er så engasjerte i noko og brenn sånn for noko så er det eit håp i meg som blir tent. For dei er jo så mange, svarar eg.

Eg har vorte smitta.