Miljøorganisasjonen Spire er skeptisk til miljømerking av mat

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 29.09.2019 19:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Noreg jobbar mellom anna Yara med miljømerking av varene dei produserer. Hege Skarrud, leiar i miljøorganisasjonen Spire, seier matmerking kan føre til ei villeiing av kunden.

Derfor er dei skeptiske til at selskapa sjølve skal stå bak ordninga.

– Vi i Spire er veldig bekymra for at selskap med stor så eigeninteresse i ordninga skal forme ho. Det er nemleg mange fallgruver ein kan gå i når det gjeld merkeordningar, og med så store eigeninteresser kan ein ikkje sitje på begge sider av bordet, seier ho.

Miljømerking er naudsynt

Leiar for berekraftsprogram i Yara, Ellen Cathrine Rasmussen, seier dei ikkje har tenkt å forme ut merkeordninga på eiga hand.

– For å sikre at forbrukarane har tillit til at varene dei kjøper har eit lågare karbonavtrykk, vil ei form for miljømerking vere naudsynt. Vi vil vere heilt avhengige av å ha andre aktørar med på laget, inkludert styresmakter og forskarar, seier ho.

Solvor Stølevik er klima- og miljørådgivar i Kristiansand kommune, og har ansvar for matsvinn-prosjektet til kommunen. Foto: Ragna Marie Henden