Stadig fleire kjøper økologisk mat

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein rapport som Landbruksdepartementet la fram torsdag, viser sterk auke i omsetninga av økologiske meieriprodukt, brød, bakarvarer og barnemat i daglegvarebutikkane, medan omsetninga av frukt, bær, nøtter og drikkevarer gjekk litt ned.

– Nordmenn bruker stadig meir pengar på økologisk mat. Det er ein positiv trend, og det gir moglegheiter for bønder som satsar på økologisk produksjon, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Vel du økologiske varer i butikken?

Vel du økologiske varer i butikken?

Ja, alltid. 14
Av og til.17
Eg vil, men det er for dyrt.11
Sjeldan.5
Aldri.6
Kva varer er økologiske?1
Svar totalt: 54

Les også: Sogn Jord- og Hagebruksskule er den einaste av sitt slag i landet

Sterk vekst i økologisk areal

I fjor auka produksjonen av økologiske slaktekyllingar med ikkje mindre enn 34 prosent, medan eggproduksjonen auka med 12,5 prosent.

Som følgje av tørken i fjor sommar ventar Landbruksdepartementet ein halvert produksjon av økologisk korn i kornåret 2018–2019.

Rapporten viser elles at det økologiske arealet av jordbruksarealet i Noreg har gått ned frå 4,4 prosent til 4,2 prosent. Samtidig har arealet som er under omlegging til økologisk bruk, auka med så mykje som 40 prosent.

– Den sterke veksten i areal som snart blir økologisk, er positivt for den norske produksjonen av økologiske matvarer. Dersom trenden held fram, får vi større økologisk areal på sikt, seier Bollestad.

Les også intervjuet med landbrukselevane. Korleis ser dei på framtida når klimaendringane gjer føresetnadane usikre, samstundes som marknaden stiller nye krav med miljø i bakhovudet? 

– Du må ha interesse av landbruk for å drive i dag, for økonomisk sett lønner det seg ikkje særleg, sa landbrukselev Ann-Kristin Bjørneset Sætre då Framtida.no møtte ho og klassekameratane på Mo og Øyrane vidaregåande skule. Foto: Bente Kjøllesdal