Irakiske Salman (27): – Me må jobba for å redda miljøet vårt, for å redda liva våre

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.09.2019 19:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me må jobba for å redda miljøet vårt, for å redda liva våre og for å redda våre barn, for dei neste generasjonane og befolkninga, roper Salman Khairalla Salman (27) til applaus framfor det norske Stortinget.

Den 27 år gamle aktivisten og småbarnsfaren har vore engasjert i klimasaka i elleve år. Han er uroa for korleis både klima og storpolitikk påverkar vassforsyningane i heimlandet.

– Det var ein familie sør i Mesopotamia. Denne familien var avhengig av ein bøffel. Saddam-regimet kutta alt vatnet som gjekk til det sørlege Irak. Fordi klimaendringane påverka området døydde bøffelen og heile familien grein, fordi dei var avhengige av denne bøffelen, fortel Salman.

Følgjer klimasøksmålet

Den irakiske fulltidsaktivisten er ikkje den einaste som kjem langvegs frå under klimastreiken 20. september.

Den tyske jusstudent Johannes Küehle deltok førre veke på sin tredje klimastreik, denne gongen i Oslo, der han for tida er på utveksling.

– Eg meiner klimaendringar er ei av dei største utfordringane i vår tid. Eg er veldig uroa for det og synest ikkje den tyske regjeringa gjer nok, seier Küehle.

20-åringen, som har inntrykk av at den norske regjeringa og dei norske partia er meir investert i teknologisk klimaendring.

Han peikar likevel på den norske olja og er fascinert over klimasøksmålet der Greenpeace og Natur og Ungdom gjekk saman for å stoppe norsk oljeutvinning  i Barentshavet på bakgrunn av grunnlovas § 112, som ofte vert kalla miljøparagrafen.

– Eg håpar at klimaet har sjans til å finna fram, seier Küehle.

Tyske Johannes Küehle (20) er uroa for klimaendringane. Foto: Andrea Nøttveit

Not buisness as usual

Medan verdas toppleiarar er samla til ekstraordinært FN-klimatoppmøte i New York er den ordinære klimastreiken utvida til både fredag 20. og fredag 27. september. I Global Week for Future er òg dei vaksne med. Mange bedrifter har kasta seg på streiken under løftet Not business as usual.

Tyske Johannes Küehle meiner både den tyske og den norske regjeringa er i ein unik posisjon til å leia ann i teknisk klimaendring. På heimebane ynskjer Küehle ynskjer seg høgare skattar på CO2-utslepp og at regjeringa stoppar å subsidiere bilindustrien.

Den tyske rikskansleren, Angela Merkel, kunne førre fredag gleda dei tyske klimastreikarane betydeleg meir enn Erna Solberg. Fredag lanserte ho nemleg ein heilt nyframforhandla klimaplan som utsleppskvoter for transport og byggsektoren, lågare skattar på tog og høgare på fly, skattefordelar for elbil og ei auka satsing på kollektivtransport.

Oljeparadokset

Også australske Ketan Joshi (33), som nyleg flytta til Noreg, hadde teke turen saman med familien sin for å støtta skulestreikarane.

Han meiner det internasjonale samfunnet ser på Noreg som eit land som har kome langt når det kjem til klimaendringar.

– På mange måtar har de det, men det er openbert nokre område att å jobba med. Det er nokre skilt rundt her om oljeutvinning og -eksport, det er openbert eit veldig viktig tema, seier Joshi.

Han meiner at ingen land kan vera tilfreds med klimatiltaka slik det er i dag. Heller ikkje i Australia meiner han folk tek temaet alvorleg nok.

– I Australia er det mykje debatt om det er ei reelt problem og om det er naudsynt å handle. Mitt inntrykk er at den debatten er over i Noreg, spørsmålet her er korleis handle, meiner australiaren.

Ketan Joshi (33) og Kim Wilkins (33) og vesle Emilia er nye i Noreg, men har sett seg inn i klimadebatten. Foto: Andrea Nøttveit

 

Facsinert over vindmølledebatten

Joshi jobbar for tida med ei bok om klimaendringar i eit heimlandet Australia. Han er spesielt interessert i fornybar energi og har difor latt seg fascinere over den norske vindmølledebatten, ei sak som er mykje mindre kontroversielt i Australia.

– Noreg er lenger framme på nokre område, og lenger bak på andre, meiner 33-åringen.

Joshi meiner ei rettferdig omstilling er viktig i møte med klimaendringane.

– Det ser ut til å verta ein sunn debatt når det er sterke innslag av rettferd i løysingane, slik at alle er involvert og alle føler at stemma deira vert høyrt, seier 33-åringen, som meiner det er viktig at ingen føler dei tapar på omstillinga.

Han løftar Tyskland som eit døme på eit land som har hatt fokus på rettferdig omstilling, slik at folk ikkje brukar tid på å krangle om unødige ting.

Klimastreik fredag 20. september. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Sikkerheit over klima

Dei irakiske aktivistane Salman Khairalla Salman (27) og Huda Jabar Gatea (28) frå organisasjonen Save Tigris, kjem frå ein heilt annan kvardag, der sikkerheitspolitikk har stått høgare på agendaen enn klima.

– Det de må forstå er at fordi me har hatt ein veldig dårleg tryggleikssituasjon dei siste åra har me neglisjert klimasituasjonen, vatnet og miljøet, noko som har gjort det verre, seier Gatea.

Aktivistane fortel at klimaet har endra seg mykje i heimlandet dei siste 30 år og er spesielt uroa for vassforsyningane, som påverkar bøndene sterkt.

Dei ser likevel ei endring der folk har vorte meir oppteken av klima og meiner at det irakiske sivilsamfunnet har noko å læra av Noreg.

– De starta frå dei første teikna på klimaendring, noko som er bra for saka. Eg trur de kan gjere nokon og me vil forby situasjonen frå å verta enno verre, avsluttar aktivisten.