Unge nektar å få barn på grunn av klimakrisa

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 20.09.2019 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkingar viser at unge er mest uroa for klimaet. Dei unge langt meir villige til å støtte klimavenleg politikk og er oppteken av å kutte eige klimagassutslepp.

For mange fører ikkje haldningane til praktisk handling, men for nokon har det resultert i eit livsviktig val: Dei vel bort det å få barn av omsyn til kloden.

#NoFutureNoChildren

Emma Lim (midten) og Sophie Price (til høgre) er blant dei unge som ikkje vil få barn på grunn av klimaendringane. Foto: Climate Strike Canada

Måndag denne veka lanserte den canadiske 18-åringen Emma Lim underskriftskampanjen #NoFutureNoChildren.

Før den første veka er omme har over 1600 personar skrive under på løftet om å ikkje få barn før regjeringa har gjort nok for å sikra ei trygg framtid.

– Folk som blir med på løftet ofrar foreldreskap, som skal vere ein av dei viktigaste tinga for oss. Dette vil visa kor seriøse me er rundt alvoret i problemet, seier initiativtakar Emma Lim til kanadiske Vice.

18-åringen fryktar for ei framtid med avgrensa ressursar og aukande sosioøkonomiske problem som følgje av klimaendringane.

Misnøgd med regjeringa

Løftet vart lansert ein dryg månad før canadiarane går til stemmeurnene 21. oktober.

Emma Lim kritiserer canadiske politikarar for å vere feige i møte med klimaendringane. Tidlegare i år kom nyheita om at Canada vil forby eingongsplast innan 2021, men Lim er ikkje nøgd før landet kuttar i drivhusgassutsleppa.

Under lanseringa i Ottawa hadde ho med seg foreldra sine. Lim fortel at foreldra har teke innover seg verknadane av klimaendringane i mykje større grad etter at ho fortalde om løftet.

– Du les om orkanar og heitebølgjer, men dei massive, mest katastrofale hendingane har ikkje kome til oss i Canada enno. Det er flaumar, men det har ikkje påverka min næraste familie. Men dette gjer vondt, det er noko handfast, seier ho til Vice.

Miley Cyrus i «fødselsstreik»

Løftet er ikkje berre skrive under av canadiske ungdommar, men òg unge kvinner og menn frå Sverige, Tyskland, Storbritannia og USA. Den yngste som fortel om kvifor ho ikkje vil ha barn er berre 13 år, medan eldste kvinne er 56 år.

I Storbritannia vert det «fødselsstreik» og tidlegare i år skapte musikar Miley Cyrus overskrifter verda over med at ho ikkje vil ha barn på grunn av klimaendringane.

– Me får ein piece-of-shit-planet og eg nektar å gje det vidare til mitt barn, sa Cyrus i eit intervju med Elle Magazine i juli.

Nettstaden Birthstrike har mellom anna intervjua personar 20 år gamle Alanna Hill, som ikkje vil ha barn på grunn av klimaendringane:

https://www.youtube.com/watch?v=7psUAOIQaS0

Ueinige forskarar

Ein studie publisert i 2017 kom fram til at det å få eitt barn mindre var eit meir effektivt klimatiltak enn å leva bilfritt, eta mindre kjøt og fly over Atlanteren. Studien tok føre seg industrialiserte land, som er dei som slepp ut mest klimagassar i dag.

Ein annan studie frå 2017 slo fast at det å redusera populasjonen ikkje er noko «quick fix» for klima. Forskarane tok for seg ulike scenario med verdsomspennande eittbarnspolitikk og lågare overlevingsrate, men fann at dette ikkje vil redusera den globale populasjonen betydeleg innan 2100.

Istadenfor føreslår dei politiske og teknologiske løysingar som reverserer det aukande konsumet av naturresursar.

Skulestreik for klima fredag 24. mai. Foto: Andrea Rygg Nøttveit