Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lokalvalet er overstått og eitt av dei politiske områda kommunen kan påvirka, er seksualpolitikken.

Dei som no skal inn i kommunestyra landet over, har mellom anna ansvar for grunnskuleopplæringa, noko som igjen betyr at dei har ansvar for å sikra at elevar får ei god seksualitetsundervising. 

7 av 10 vil ha meir seksualundervising

I ei undersøking av Kantar TNS på oppdrag frå Sex og samfunn i 2017, svarte sju av ti 15-17-åringar at dei ville ha meir seksualitetsundervising i skulen. Nesten halvparten sa at dei sakna eitt eller fleire tema i den undervisinga dei fekk. 

Berre halvparten hadde lært om overgrep og grenser. Endå færre hadde fått undervising om seksuell orientering og kjønnsidentitet. Dette sjølv om temaa er inkluderte i kompetansemåla for grunnskulen

Gratis også for dei under 16 år

Under Arendalsuka i år, var mellom dei fleste ungdomspartia til stades for å diskutera nettopp seksual helse. 

– Kven meiner at prevensjon skal bli gratis også for dei under 16 år? spør ordstyrar Anneli Rønes i Nasjonalt nettverk for seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR). 

Alle ungdomspartiet er samde om å gå inn for gratis prevensjon for dei under 16 år. Her frå Arendalsuka 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Alle som ein flyttar seg til høgre og visar grønt teikn: ja. 

Grøn ungdom har ikkje møtt opp i dag, men fortel på e-post til Framtida.no at både dei og moderpartiet støttar dette. I tillegg vil dei ha gratis, langtidsvirkande prevensjon for alle under 30 år.

Unge Venstre er heller ikkje tilstades, men seier på e-post at det same gjeld for dei og moderpartiet Venstre. 

Edel Marie Haukland i KrFU. Foto: Presse/krfu.no og Synnøve Kronen Snyen i Sosialistisk ungdom. Foto: Presse

– Urettferdig

I dag er prevensjon gratis for ungdom mellom 16 og 22 år. Alle ungdomspartia vil at det skal bli gratis også for dei under 16 år. AUF vil i tillegg utvida ordninga til dei som er 25 år og yngre. KrFU opp til 24 år.

– Me veit at dei som debuterer tidleg, ofte har eit dårlegare forhold til foreldra sine og ein større risikofaktor knytta til rus, seier Synnøve Kronen Snyen i Sosialistisk ungdom (SU).

Ho meiner det er ekstra viktig at nettopp desse får det tilbodet dei treng, og at dei samstundes får eit godt forhold til helsevesenet.

– Dei fleste under 16 år som brukar prevensjon, gjer det også på grunn av menssmerter, skyt Edel Marie Haukland i KrFU inn.

Ho meiner det er urettferdig om det berre skal vera gratis for unge over 16 år.  

Ikkje støtte frå moderpartiet

Christine Hartvigsen. Foto: FpU

Dei fleste partia har støtte frå moderpartiet i denne saka, bortsett frå KrFU og FpU.

– For Frp handlar det om at det ikkje er gratis sjølv om ein kallar det det. Det er skattefinansiert og Frp meiner ein ikkje skal ha gratis prevensjon uansett aldersgruppe og kjønn, fortel Christine Hartvigsen i FpU. 

I KrF er det sexpress som er årsaka som ligg bak den manglande støtta til gratis prevensjon for dei under 16 år. 

– Det er eit veldig høgt sexpress blant unge i dag og det er eit stort problem. Men me i ungdomspartiet meiner det finst andre tiltak som kan fungera betre enn å ikkje gi unge den helsehjelpa dei treng, seier Haukland i KrFu.

– Kastar kondom etter gutar

Også i Unge Høgre har det vore vanskeleg å få med moderpartiet, som for første gong gjekk inn for dette på landsmøtet i 2019. Det var ein av hovudkampsakene til Unge Høgre på landsmøtet.

– Den tradisjonelle motstanden kom sjølvsagt, og nokre sa at det ville bli som om staten legitimerte sex under den seksuelle lågalder. Dei nevnte likevel ingenting om at staten også kastar kondom etter gutar frå dei er 12 år gamle, seier Ola Svenneby i Unge Høgre.

– Skapar eit sosialt skille

I AUF har det også vore ei viktig sak å få med moderpartiet på. Dei fremja forslag om gratis helsetenester for alle under 18 år, inkludert prevensjon, før Stortingsvalet 2017. 

– Det handlar mest om at det er urettferdig mot dei som ikkje har råd, seier Gaute Børstad Skjervø i AUF, og held fram:

– Det kan skapa eit sosialt skille mellom dei som har foreldre som gjerne stiller opp, snakkar om sex og skaffar prevensjon, og dei som ikkje har det og som må finna ut av det sjølv. Det er også den siste gruppa me veit det er størst sannsynlegdom for at blir foreldre tidleg, kanskje mot si vilje.

Gaute Børstad Skjervø i AUF. Foto: Trøndelag fylkeskommune og Ola Svenneby i Unge Høgre. Foto: Presse

1 av 3 debuterer før dei er 16 år

I følge regjeringa sin Ungdomshelse-strategi frå 2016, står det at målet er at «Ungdom skal ha god kunnskap og nødvendig handlingskompetanse for å ivareta egen seksuell helse». I tillegg kjem det fram at 1 av 3 debuterer før dei er 16 år gamle.

– Er det vanskeleg å få dei vaksne til å forstå at unge har eit sexliv? spør Rebecca Nielsen frå Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom (SNU).

KrFU og Raud ungdom meiner at det ikkje er det.

– Kua har vore kalv, og eg trur vaksne greier å hugsa korleis det var å vera hormonelle tenåringar sjølv, seier Haukland frå KrFU.

– Samstundes trur eg det er vanskelegare for vaksne å skjøna omfanget av kva sex er for unge i dag, særleg med tanke på sosiale medium, seier Tiril Vold Hansen i Rød ungdom.

Svenneby i Unge Høgre meiner det for mange vaksne kan vera vanskeleg, nettopp fordi dei sjølve har «vore kalv»

– Det er nok mange som innerst inne veit at dei gjorde det same sjølv, men så er det litt for ubehageleg å snakka om. På landsmøtet var det mange i foreldregenerasjonen til ungdom i dag, som ikkje vil tenka på at ungane deira skal ha sex før dei er 16 år, seier han.

– Vaksne forstår ikkje kva sex er for unge i dag

Skjervø i AUF meiner også det er stor skilnad på å ha vakse opp før og etter internett, noko som kan gjera det vanskeleg for vaksne å forstå. 

– Seksuallivet har endra seg i stor grad frå å vera veldig privat til å bli meir offentleg med internett, seier Skjervø og forklarar:

– Mange vaksne i dag har nok store problem med å forstå omfanget av hemnporno, og internett som ein stad der unge blir utnytta. Det er eit enormt omfang med pornografi, kunnskap og villeiande informasjon.

Emma Berge Ness i Senterungdommen og Tiril Vold Hansen, nestleiar i Raud ungdom. Foto: presse

Seksualitetsundervising på agendaen

Alle ungdomspartia er samde om at kunnskap er viktig i møte med prevensjon. 

– Di meir du veit, di meir vil kunnskapen påverka valet du tar. Trur eg, seier Emma Berge Ness i Senterungdommen.

Hansen i Raud Ungdom er samd, og trur løysinga i stor grad er seksualundervising på skulen. 

– Der går det stort sett i å tre ein kondom på ein banan, og det er ikkje det ein treng å vita for å ta eit kvalifisert val på prevensjon. 

På spørsmål om kva som er den viktigaste seksualpolitiske saka for partia framover, svarar alle seksualitetsundervising på skulen.