Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mariann Olsvik synast det hadde vore fint om der var eit eige fag om seksuell helse lærarane kunne ha tatt i utdanninga si, for å betre informasjonen rundt dette. Foto: Privat

– Der er ofte mytar og misforståingar som er nedarva i generasjonar, fortel helsesjukepleiar hos Sex og Samfunn Mariann Olsvik.

Det kan vere at til dømes mor eller tante fortel om sine erfaringar, som at «ein ikkje kan bruke spiral utan å ha født».

– Eller at ein burde ta pause frå prevensjonen for å sjekke at kroppen fungerer som normalt, seier Olsvik.

Det har over lengre tid vore kjent i fagmiljøet at det ikkje er skadeleg å fortsette på neste brett med p-piller utan å ha ei pause på sju dagar, noko fleire framleis trur er skadeleg.

Les meir: – Dei som definerer seksualiteten har òg makt til å styre korleis samfunnet vert strukturert

Ombestem seg etter meir informasjon

Berre 33 prosent av norske kvinner går på hormonell prevensjon, ifølgje Forskning.no. Dette er det nest lågaste talet i Norden, berre 2 prosent over Island. Kan dette skuldast manglande informasjon?

I Oslo har Sex og Samfunn ein gratisklinikk som er open for både timebestilling og drop-in. Her kan ungdom blant anna få resept for hormonell prevensjon.

– Veldig mange som kjem hit seier dei vil starte på p-piller, men ombestemmer seg kanskje etter dei har fått meir informasjon om andre typar prevensjon. For eksempel er det fleire som då helder vil ha spiral eller p-stav, enn p-pillar, fortel helsesjukepleiaren.

Vidare fortel Olsvik at prevensjon er personavhengig. Det vil seie at den prevensjonen som fungerer bra for venninna di, ikkje nødvendigvis vil fungere like bra for deg.

– Gjennom ein konsultasjon finn ein ut av kva forventningar ein har, kva negative biverknadar ein tåler, og kva positive endringar ein håper på.

Les meir: – Det finst ikkje seksualundervisning i skulane

Snakke meir om prevensjon

Cornelia Rendum fann mest svar på det ho lurte på rundt prevensjon på nett. Foto: Privat

Cornelia Rendum (25), frå Sex og Samfunn si ungdomsgruppe, trur det har vorte betre informasjon rundt temaet sidan ho lærte om det på skulen, men meiner framleis at ein har eit stykke å gå før tilbodet er bra nok.

– Jo meir informasjon ein får om prevensjon, jo flinkare blir ein til å forstå viktigheita av å bruke det.

Vidare fortel ho om ein gong ho delte ut kondom, då ei jente takka nei til kondomet. Jenta trengte det ikkje sidan ho brukte p-stav.

– Prevensjon er absolutt noko vi burde prate meir om til alle aldersgrupper, ikkje berre til elevar i grunnskulen. Det er framleis folk i 20-30 åra som tenker på prevensjon kun som beskyttelse mot graviditet.

Les også: Noreg på europatoppen i kjønnssjukdommar: – Dei fleste har hatt klamydia

Illustrasjonsfoto: Colourbox