Studiestadane på Vestlandet får ikkje fylt opp plassane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

11 av studieprogramma ved HVL har fylt opp mindre enn 60 prosent av dei planlagde studieplassane ved studiestart. Sju av programma er i Haugesund og på Stord, skriv Khrono.

Situasjonen er likevel verst i Førde, som berre har studentar til 70,9 prosent av dei planlagde studieplassane. Stord har ei dekning på 76 prosent, medan Sogndal har 86,9 prosent, og Haugesund har studentar til 93,9 prosent av dei planlagde studieplassane.

I Bergen møtte 101,4 prosent av studentane per 15. august.

Les også: Tilsette ved norske universitet signerer klimaopprop mot seg sjølv

Alarmen bør gå

Professor Oddmund Løkensgard Hoel ved HVL i Sogndal peikar på at utviklinga kjem av årsaker som høgskulen ikkje har kontroll på. Likevel meiner han at fusjonen mellom studiestadene i 2017 har fått konsekvensar for studiestadene som ligg utanfor Bergen.

– Det er nokre av oss som har vore usikre på om alle campusane har blitt styrka etter fusjonen. Desse tala viser at ei slik styrking ikkje har vore tilfelle, og alarmen bør no gå hjå leiinga, seier Hoel.

Han meiner leiinga må evaluera prosessen grundig, slik at alle studiestadene kjem betre ut av fusjonen.

Les også studentleiaren si oppmoding til lokalpartia: – Legg til rette for studentbustadar

1. juli tok Marte Øien fatt på vervet som leiar for Norsk Studentorganisasjon. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold