Tilsette ved norske universitet signerer klimaopprop mot seg sjølv

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 20.08.2019 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

UiT Norges arktiske universitet står i spissen for klimaoppropet som vart lansert denne veka.

Idéen kjem frå Belgia, der professorar og andre frå akademia signerte eit opprop for å få universiteta til å ta meir ansvar i klimaspørsmåla på alle områder: frå forsking og utdanning til eiga drift.

“– Vi oppfordrer Norges universiteter, høyskoler og forskningsinstitusjoner å vise at de tar forskningen sin på alvor ved å vise vei i klimakampen, og innføre tiltak som minimum halverer klimagassutslippene i egen virksomhet senest 2025”, står det i oppropet.

Seniorrådgivar ved UiT Lars-Otto Reiersen har jobba tett med Andrea Tilche i saka, og meiner det også er viktig å få inn klima i all undervising på universiteta.

–  Me utdannar til dømes statsvitarar og juristar som ikkje kan noko om klimaendringane. Det er viktig for å kunne møta utfordringane me har, og som me veit me vil få fleire av. Me treng menneske som kan gi gode råd, på alle arbeidsplassar. Me kan ikkje sitja med administrativt tilsette med kunnskap basert på gårsdagen, sier Reiersen til uit.no.