Regjeringa vil ha leveringsplikt for breiband
Regjeringa foreslår å innføre leveringsplikt for breiband for å sikre at innbyggarar og næringsliv over heile landet har tilgang til internett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Noreg har mobil- og breibandnett i verdsklasse, men det er framleis område i distrikta som er heilt utan eit tilfredsstillande tilbod, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).
Føresetnad for digitalisering
Digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) meiner leveringsplikt for breiband må til for at Noreg skal kunne ta ut det fulle potensialet som ligg i digitalisering og ny teknologi.
– Vi har store ambisjonar for digitalisering av offentlege tenester, men det føreset at alle har tilgang på internett. I dag har vi leveringsplikt for telefontenester. No foreslår regjeringa å utvide denne plikta til òg å gjelde breiband, seier Astrup (H).
Rett till grunnleggande breibandtenester
Regjeringa sender no forslaget på høyring. Her blir det foreslått leveringsplikt for breiband definert som enten 10 eller 20 megabit per sekund nedstraums og to megabit per sekund oppstraums.
Forslaget inneber at styresmaktene kan pålegge ein eller fleire tilbydarar leveringsplikt slik at alle husstandar og bedrifter over heile landet får rett til grunnleggande breibandtenester.