SV har flest kvinner på topp – Frp har færrast

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trass i at mange av Noregs toppolitikarar er kvinner, er det eit godt stykke igjen til full likestilling i politikken. I snitt er berre éin av tre listetoppar til kommunevalet – 32,8 prosent – ei kvinne, viser ein gjennomgang av vallistene som NTB har gjort.

Les også: To av tre menn meiner kvinner er likestilte i Noreg, men under halvparten av kvinnene meiner det same, viser ei meiningsmåling.

Under 20 prosent i Frp

SV toppar lista. Av partiets totalt 241 listetoppar er 113 – eller 47 prosent – ei kvinne.

I motsett ende av skalaen er Frp, der berre 44 av i alt 249 listetoppar (17,6 prosent) er ei kvinne.

Arbeidarpartiet kjem på andreplass med 41,3 prosent kvinnelege listetoppar. Eit godt stykke bak hamnar Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt med høvesvis 38,5 og 38 prosent. Deretter følgjer Senterpartiet, Venstre og Høgre med 32, 31 og 28 prosent.

KrF skil seg noko frå dei andre partia med 44 prosent kvinnelege kandidatar, men berre 23 prosent kvinnelege listetoppar.

Les også: Ina Rangønes Libak er AUFs første kvinnelege leiar på 12 år

Uendra kjønnsfordeling

Partia gjer det likevel litt betre når det gjeld kjønnsfordelinga blant kandidatane til kommunevalet. Også her er SV best i klassen, med 55 prosent kvinnelege kandidatar.

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt deler andreplassen med 49 prosent, medan Arbeidarpartiet har 48 prosent kvinnelege kandidatar.

Statistikken viser òg at delen kvinner som stiller til val, så å seie er uendra frå førre kommuneval. I berre 10 av dei 356 kommunane i landet er det fleire kvinner enn menn blant kandidatane.

Les også: Likestillingsombodet: – Ugreitt om metoo-felte politikarar gjer comeback allereie no