– Noreg er ikkje lenger eit likskapssamfunn

Egil Natvik Vestrheim, AUF Vestland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Arbeidarpartiet trur på eit samfunn med små forskjellar og store moglegheiter. Vi trur at vi skapar det beste samfunnet saman. Eit samfunn med små forskjellar er ei framtid der alle er med, og alle blir sett.

Folk i Noreg gjer sitt beste kvar einaste dag, men regjeringa gjer ikkje sitt beste for folk i Noreg. Etter 6 år med Frp og Høgre er resultatet her: Dei med mest får endå meir, mens dei med minst får mindre.

– Frp og Høgre gjer ikkje sitt beste for desse folka

Resultatet etter 6 år med høgrepolitikk er at forskjellen mellom folk aukar kjappare enn nokon gong tidlegare. For fyrste gong i historia er ikkje Noreg lengre eit likskapssamfunn.

Stadig fleire må planlegge liva sine til kvar minste detalj for å få endane til å møtast. Folk gjer sitt beste for å få ting til å gå rundt, men FrP og Høgre gjer ikkje sitt beste for desse folka. Når folk seier at kvardagen er eit slit og at det er vanskeleg å få endane til å møtast, er svaret frå regjeringa smålege kutt.

Stadig fleire må planlegge liva sine til kvar minste detalj for å få endane til å møtast

Folk som står utanfor arbeidslivet opplev å få kutt i dagpengane sine. Folk i Finnmark har fått kutt i barnetrygda. Uføre, kronisk sjuke, gravide og brannskada har mista retten til gratis fysioterapi. Barna har mista skulefrukta. Og Noregs aller rikaste har fått rekordhøge skattekutt i gåve av Frp og Høgreregjeringa. I dag eig dei aller rikaste i landet ein femtedel av all formue i Noreg. 

Treng politikarar som ikkje lukkar augo

Kvart einaste år er det 15 000 elevar som droppar ut av vidaregåande. 9000 unge yrkesfagelevar står utan læreplass. 50 000 born og unge går svoltne på skulen og 75 000 unge står utanfor arbeid og utdanning. Dette valet handlar om vår felles framtid. Då treng vi politikarar som nyttar dei store pengane til å løyse utfordringane vi unge står overfor i dag, ikkje politikarar som lukkar augo og ikkje lyttar når vi unge seier klart ifrå at nok er nok.

Våre lokalsamfunn handlar om våre liv, og det handlar om vår felles framtid.

Derfor er eg glad for at Arbeidarpartiet vil prioritere skule, arbeid og helse framfor skattekutt til Noregs aller rikaste. Arbeidarpartiet går til val på ein lærlinggaranti sånn at ingen elevar skal stå med lua i handa og ikkje få læreplass etter to år på yrkesfag. Vi ynskjer at helsesjukepleiar skal vere til stades på alle videregåande skular sånn at elevane har nokon å snakke med når dagen er kjip. Til slutt ynskjer vi å innføre gratis skulemat på skulen for alle, sånn at alle kan møte skuledagen gode og mette.

Våre lokalsamfunn handlar om våre liv, og det handlar om vår felles framtid. Eg vil ha politikarar som forstår oss, og som kjempe for oss. Derfor røystar eg Arbeidarpartiet.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no