Ung politikar: Falk (24) frå Vestnes Høgre

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hjartesaken min er ein skule der elevane er i sentrum, fortel Falk Daniel Øveraas på e-post til Framtida.no.

24-åringen står på 2. plass hjå Vestnest Høgre før det komande lokalvalet, og fortel at partiet no går til val på å etablere eit lokalt healseteam i skulen:

– Ein skal ikkje møte ei låst dør når ein treng det som mest!

Det var likevel ikkje skulepolitikken åleine som førte til at Øversaas engasjerte seg.

– Eg ynskjer at fleire unge skal flytte heimatt til Vestnes og at fleire skal velje å bli her. Eg er utruleg stolt over kommunen min og trur potensialet er stort, forklarar han.

Fjordkommune med kollektivutfordring

Heimkommunen til Øversaas ligg i Møre og Romsdal, og har rett over 6500 innbyggjarar. Øversaas sjølv skildrar Vestnes som ein flott kommune mellom fjord og fjell.

– Med korte avstandar til både flyplass, fleire byar og universitet så ligg Vestnes midt i blinken! Vi er heldige med mykje arbeidsplassar i industri, då spesielt innanfor skipsbygging, der kommunen er i verdstoppen når det gjeld teknologi og nye løysningar, fortel politikaren.

Men ein kommune som omkrinsar to fjordar – Tomrefjorden og Tresfjorden – er også ein kommune med store avstandar. Det får følgjer.

– Kva er den største klimautfordringa i din heimkommune?

– Vi er ein langstrakt kommune, noko som byr på fleire utfordringar. Det er vanskeleg å ha ei tilstrekkeleg kollektivtilbod, så ein del bilkjøring blir fort nødvendig, forklarar Øversaas.

Tettstaden Fiksdal ligg ved Tomrefjorden i Vestnes kommune. Foto: Mænsard vokser/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom

Engasjement heller enn skam

Likevel trur Øversaas kommunen med enkle grep kan kutte mykje av utsleppa sine, og såleis legge til rette lokalt for at Noreg skal nå klimamålsetjingane sine.

– Vi må sjå kva tiltak kommunen kan gjere i samråd med næringsliv og innbyggarane. Det å bygge klimavennlege bygg, stille krav til lågare utslepp i anboda våre er nokre tiltak vi burde prøve, seier Øversaas.

Samstundes understrekar politikaren at det er viktig at folk i distrikta ikkje vert straffa fordi dei bur der dei gjer.

– Vi må gjere det lettare og billigare å vere klimavennleg. Eg har ikkje trua på forbod og peikefinger-mentalitet. Politikarane har eit ansvar for å drive politikk som folk blir engasjert av, ikkje skremsel og skam.

Stem fram dei unge

I løpet av valkampen har Øversaas besøkt alle kommunane i fylket, og fortel at han har møtt fleire unge som kjem med gode innspel.

– Det er viktig at dei unge føler nokon lyttar til det dei har å seie.

Falk Daniel Øveraas oppmodar difor ungdom om å krysse og stemme på unge kandidatar på tvers av partia:

– Kommunestyra er gjerne fylt opp av eldre menn – dette må vi unge gjere noko med!

Falk Daniel Øveraas

Alder: 24

Yrke: Student og kampanjerådgjevar i Høgre

Parti: Høgre

Kommune: Vestnes