Mange gamle listetoppar i Kommune-Noreg
Så mange som 150 av dei som toppar listene til lokalvalet i haust er over 70 år eller fyller dette i valåret, viser kartlegging.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er NRK som har sett nærmare på alderen til listetoppane i Kommune-Noreg. KrF er det partiet som har flest eldre på topp. 26 av toppkandidatane til KrF er 70 år eller eldre. Deretter følgjer Pensjonistpartiet med 20 og Høgre med 16.
Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne er blant dei partia som er i motsett ende med høvesvis 6 og 4 listetoppar som er 70 år eller eldre.
Alderen på førstekandidatane varierer også geografisk. Akershus toppar statistikken med 18 toppkandidatar over 70 år. Møre og Romsdal følgjer på andreplass med 15, medan Hedmark kjem like etter på tredjeplass med 15 toppkandidatar over 70 år.
- Samstundes er det rekordmange unge som stiller til kommuneval. Her er nokre av dei unge politikarane.
Ivar er eldst
NRK har også funne fram dei aller eldste listetoppane. Her er det Ivar Aars på lista til KrF i Nord-Aurdal kommune som toppar statistikken. Han blir i år 87 år.
Valforskar Bernt Aardal peikar på at det er mange eldre i Noreg og er ikkje overraska over funna til NRK om eldre listetoppar. Han peikar likevel på at situasjonen ser ut til å vera ein heilt annan i rikspolitikken.
– Der ser det ut som politikarane forsvinn ut når dei er 70, seier Aardal.
- Har du høyrt om den yngste ordførarkandidaten i Noreg? Nilofar (18) må ta pause frå vidaregåande dersom ho gjer brakval i september!