Biblioteka til kamp mot falske nyheiter

– Å styrke tilgangen til og formidlinga av kunnskapskjeldene blir ei motkraft til spreiing av falske nyheiter, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V).

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I strategien til regjeringa for åra 2020–2023 blir det lagt vekt på den viktige rolla til biblioteka som arena for kunnskap, danning og kritisk tenking.

– Å styrke tilgangen til og formidlinga av kunnskapskjeldene blir ei motkraft til spreiing av falske nyheiter, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V).

Biblioteket som kvalitetssikrar

Regjeringa ønsker at biblioteket skal vere ein naturleg stad å vende seg til for den som vil skilje mellom ekte og falske nyheiter, mellom gode og dårlege kunnskapskjelder. Biblioteka er viktige for demokrati og danning, heiter det i ei pressemelding frå Kulturdepartementet.

Stønad til aktiv formidling av mangfaldet i samlingane, der ein òg skal ut av bibliotekrommet og nå ut til nye grupper, er eitt av grepa i strategien, som skal gjere det lettare og betre for folk å bruke biblioteka.

Samtidig skal det bli enklare for folk å søke etter både digitalt og analogt materiale i samlingane. Nasjonalbiblioteket skal levere fellestenester som avlastar lokalbiblioteka slik at dei får meir tid til publikumsretta arbeid.