Biblioteka vert meir brukt enn før, sjølv om utlånet går ned
Utlån av bøker går ned på biblioteka, likevel fører arrangement til at fleire brukar biblioteka.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I 2017 var det 647 folkebibliotek i Noreg, og desse hadde fleire besøk av publikum enn året før. Totalt enda det med over 24 millionar besøk, noko som var 1,5 prosent fleire inn i 2016. Det går fram av tal frå Statistisk sentralbyrå.
Årsaka er at det er blitt fleire arrangement på folkebiblioteka rundt om i landet. Desse kan vere både i regi av biblioteka sjølv eller i samarbeid med andre, i tillegg til aktørar som tilbyr opne arrangement.
I 2017 var det nesten 50.000 arrangement i folkebiblioteka. Det er 2.800 fleire enn året før. Arrangementa talde 1,3 million deltakarar, noko som var 13,3 prosent fleire enn i 2016.
Les også om Norges Handikapforbund Ungdom som opnar eige bibliotek: Opnar eige funkisbibliotek