Forbod mot halvautomatiske våpen lèt vente på seg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Justisdepartementet jobbar framleis med ei forskrift som utfyller lova og klargjer korleis den skal forståast, ifølgje VG.

Same som Breivik

Petter Eide, Sosialistisk Venstreparti. Foto: Stortinget

Petter Eide, justispolitisk talsperson i SV, synest det er provoserande at utarbeidinga av forskrifta tar så lang tid.

– Desse våpena skal vekk frå uønskte hender så fort som mogleg og Stortinget meiner lova må tre i kraft raskt, seier han.

Lovendringa, som vart vedtatt 15. mars 2018, inneber eit forbod mot halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruert for heilautomatisk funksjon, eller for militæret eller politiet.

Dette er den same type våpen som Anders Behring Breivik brukte under terrorangrepet på Utøya 22. juli 2011.

LES OGSÅ: Stortinget seier nei til halvautomatiske våpen

Snart på høyring

Lene Vågslid, Arbeiderpartiet. Foto: Stortinget

Lene Vågslid (Ap), leiar for justiskomiteen på Stortinget, stiller seg bak kritikken til Eide. Ho seier det verkar som om det er lite kontroll over framdrift i saker som er vedtatt av Stortinget. Ho sende 19. august eit skriftleg spørsmål til justisministeren om framgangen i arbeidet.

Ifølgje Justis- og beredskapsdepartementet var det godt kjent at det stod att eit stort og detaljert arbeid med forskriftene då lova vart vedtatt av Stortinget.

– Dette arbeidet går føre seg for fullt i Justis- og beredskapsdepartementet, og vi satsar på at forskriftene blir sende på høyring ved kommande årsskifte, seier statssekretær Thor Kleppen Sættem.

LES OGSÅ: USA: Over 40 drepne av skytevåpen kvar dag – hittil i år